Rasmus Buset
Rasmus Buset | |
Fødd | 1. mai 1891 |
Død |
Rasmus Kornelius Buset (1. mai 1891–1. april 1965) var ein norsk lærar og museumsgrunnleggjar frå Vartdal på Sunnmøre. Buset var svært sentral i arbeidet med å skipe Sunnmøre Museum, i 1931. Han var styreformann og leiar for museet 1934-48. For dette arbeidet fekk han kongens fortenestmedalje i gull i 1951.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Buset fekk døypenamnet Rasmus Cornelius og var fødd på Buset i Årsetdalen på Vartdal i 1891. Foreldra hans var Johannes Rasmusson Buset (1851-1909) og Elina Berntsdotter Hustad (1857-1930). Han var nummer tre i ein søskenflokk på sju. Då eldstebroren Bernt omkom på sjøen i 1906, vart Rasmus odelsgut. Men evnene og hugen hans gjekk mot boklege syslar, så han valde skulevegen i staden for gardsdrift.
Etter konfirmasjonen fekk Rasmus Buset vere dreng i Aasen-tunet i Ørsta hjå Jon Aasen, eit opphald som sette varande merke i han. Der fekk han ein nasjonal kveik som levde i han livet ut.
Lærarvirke
[endre | endre wikiteksten]Buset tok lærarskuleeksamen i Volda i 1915, og gjekk lærarhøgskulen i 1924. Med fullført lærarhøgskule i Volda jobba han som lærar i nokre år før han flytta til Ålesund i 1923. Han var lærar i Bjerangen og Kilvik i Helgeland 1915-16, Rovde på Sunnmøre 1916-17, Årsetdalen i Vartdal 1917-19, Vestoppland folkehøgskule 1919-20, Sunnmøre fylkesskule 1920-24. Buset var lærar i Ålesund frå 1923, og skuleinspektør i perioden 1948-58. Då Buset vart pensjonist busette han seg i Volda og døydde der.
Assistent ved Komsa-funnet
Då Buset var 35 vart han assistent for Anders Nummedal, hovudmannen bak utgravingsarbeidet for Komsa-funnet i Finnmark der det vart avdekt helleristingar. Og det var mellom anna takka vere innsikta han fekk i samband med dette arbeidet at han forstod at det hasta å få samla inn gjenstandar frå den sunnmørske kulturarven.
Som styreformann då Sunnmøre museum var i startgropa, skreiv han hundrevis av søknader og brev om økonomisk draghjelp til bankar, næringsliv og departement, og han søkte om midlar frå Pengelotteriet.
«Det var Rasmus Buset som meir enn nokon andre la grunnen til Sunnmøre museum, og som kjempa museet fram i den første store utbyggingstida», framhevar Ivar Grøvik i Tidsskrift for Sunnmøre historielag 1965-66. Buset kom med i det første styret og var formann frå 1934 til 1948.
Strid som ein stubbe
Som bondeson kjende Buset ansvaret med å vidareføre arva frå forfedrane, og han såg også derfor nytten av å få på plass den heilt særskilde avtalen med Bergens museum som gav også Sunnmøre museum rett og fagleg tyngde til å oppbevare og stille ut jordfunne oldsaker.
Då Buset fylte 70 år i 1961, prenta Sunnmørsposten ein omtale av jubilanten der Ivar Grimstad nytta tittelen: «Eit tuntre i vår lokale kulturskog». Grimstad gjekk langt i å framheve det arbeidet som Buset la ned i samband med museumsarbeidet. «No må elles ikkje godtfolk tru at Buset berre er mottemjøl og gamletid. Arbeidet for museumstanken er ein lekk i hans heilslege kultursyn…Ikkje alle såg med blide augo på at Buset var målmann – også radt inn i skoleinspektørembetet i Ålesund. Men Buset var strid som ein stubbe. Han vart eit omgrep. Ja, så menn oppnådde han den sjeldsynte æra å bli eit – skjellsord!», skreiv Grimstad som viste til at det å få i stand eit museum, utan strid og diskusjonar, nok ikkje hadde vore mogleg – utan ein lokal bondeson, med eiga røynsle frå dei bratte sunnmørske, grønkande liene.
Forfattarskap
[endre | endre wikiteksten]Han fekk stipend frå Nansenfondet for å skrive ned sogeminne frå Sunnmøre. Saman med Olai Bjørlykke gav han ut historieboka Frå gamal og ny tid på Sunnmøre i 1934. Boka kom ut på nytt i 1982, like etter Sunnmøre museum sitt 50-års jubileum.
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Då Buset vart tildelt kongens fortenestemedalje i gull i 1951, var det som ei følgje av koordineringsarbeidet og all dugnadsinnsatsen han fekk i stand i denne første krevjande, men også gjevande nybrotstida. I andre kjelder vert det framheva at Buset var rett mann på rett stad og tid av fleire grunnar.
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]Buset var gift med Sigfrid Dahle, fødd 27. juli 1898 i Volda. Dei fekk to søner.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norske skulefolk, Red. Karl Bakke. Dreyer forlag, MCMLII, Stavanger 1952.
- Artikkel Føregangsmannen for fortida, av Edvard Molvær, i «100 år 100 navn. Personer som har preget Nordvestlandet». Sunnmørsposten forlag 2000. Ansv. Red. Harald H. Rise.
- Tidsskrift for 1955-66. Sunnmøre historielag, Vol. 41-42, Minneord av Ivar Grøvik.
- Oppslag i Sunnmørsposten om opninga av Sunnmøre museum, måndag 17. juni 1946.
- Lesarinnlegg i Sunnmørsposten: Eit tuntre i den Sunnmørske kulturskog, helsing til Rasmus Buset, Sunnmørsposten 1961 av Ivar Grimstad.
- Edvard Molvær: Sunnmøre museum 1931-1981. Sunnmøre museum 1983
- Artikkel i Aftenposten av Henry Røsoch, måndag 17. juni 1946.