Regionar i Iran
Historisk og geografisk har Iran vore delt inn i ei rekkje forskjellige regionar.[1] I 2014 vart Iran administrativt delt inn i fem regionar.
I 1937 vart Iran delt inn i ti administrative regionar, enkelt kalla Region 1 til Region 10. Til dømes var Region 7 det same området som Fars dekkjer i dag.[2]
Dei 31 provinsane i Iran vart av innanriksdepartementet delte inn i fem regionar den 22. juni 2014.[3] Under inndelinga vart det teke omsyn til plassering og likskapar mellom provinsane.[3]
Den iranske grunnlova omfattar ikkje regionar og dei er ikkje grunnleggjande eininga i landet, men eksisterer berre for å gjere den statlege administrasjonen enklare.
Regionar i Iran i dag
[endre | endre wikiteksten]Region | Hovudstad | Provinsar | Folketal | Areal | |||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Region 1 | Teheran | Alborz-provinsen
Golestan Mazandaran Qazvin-provinsen Qom-provinsen Semnan-provinsen Teheran-provinsen |
23 343 033 | 193 109 | |||
Region 2 | Isfahan | Bushehr-provinsen
Chahar Mahaal og Bakhtiari Fars Hormozgan Isfahan-provinsen Kohkiluyeh og Buyer Ahmad |
12 973 089 | 354 885 | |||
Region 3 | Tabriz | Ardabil-provinsen
Aust-Aserbajdsjan Gilan Kurdistan-provinsen Vest-Aserbajdsjan Zanjan-provinsen |
12 782 820 | 165 839 | |||
Region 4 | Kermanshah | Hamadan-provinsen
Ilam-provinsen Kermanshah-provinsen Khuzestan Luristan Markazi |
11 739 552 | 185 978 | |||
Region 5 | Mashhad | Kerman-provinsen
Nord-Khorasan Razavi-Khorasan Sistan og Balutsjistan Sør-Khorasan Yazd-provinsen |
13 145 227 | 734 576 |
Historiske og geografiske regionar
[endre | endre wikiteksten]Historiar, reisebøker og økonomiske analysar refererer ofte til mindre formelle, meir historiske eller geografiske regionar i Iran. Grensene er ofte ikkje fastsette og har ofte endra seg over tid, eller overlappa kvarandre.
- Alamut - i Alborzfjella i Nord-Iran.
- Abadeh - området til Qashqai-folket og deira Abadeh-teppe, nord i Fars kring Abadeh fylke og inkluderer vanlegvis delar av den sørlege Isfahan-provinsen, og vert nytta både etnografisk og geografisk.[4]
- Sentral-Iran: Kjend som Iraq-i Ajam (Persisk Irak)
- Balutsjistan (Søraust-Iran) - stundom berre Sistan og Balutsjistan og stundom heile Balutsjistan.
- Kaspiske Iran (Nord-Iran, Tabaristan eller «Mardi og Hyrkania»[5]) - Gilan, Mazandaran og Golestan,[6] og historisk sett stundom nordlege Semnan.
- Iransk Aserbajdsjan - tilsvarar omtrent dagens Region 3, men ofte utan Kurdistan-provinsen og ofte utan den kaspiske provinsen Gilan.[7]
- Iransk Kurdistan - omfattar Kurdistan-provinsen, Kermanshah-provinsen og delar av Ilam-provinsen og Vest-Aserbajdsjan.
- Khorasan - består av Nord-Khorasan, Razavi-Khorasan, Sør-Khorasan, og stundom austlege delar av Semnan-provinsen.
- Persiabukt-Iran (delar av Iran som støyter til Persiabukta med Sør-Iran) - Fars, Kohgiluyeh og Buyer Ahmad, Hormozgan og Bushehr.
- Søraust-Iran (Karmania)[5] - hovudsakleg Kerman-provinsen, men strekkjer seg ofte til kysten.
- Vest-Iran (Khuzestan, Elam) - fødestaden til Iran, tilsvarar omtrent Region 4 (Hamadan-provinsen, Ilam-provinsen, Kermanshah-provinsen, Khuzestan, Luristan, Markazi), men ofte med heile eller delar av Qazvin-provinsen, Kurdistan-provinsen, Chahar Mahaal og Bakhtiari og Kohkiluyeh og Buyer Ahmad;[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Regions of Iran» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ In general see Mojtahed-Zadeh, Pirouz, red. (2007). Boundary Politics and International Boundaries of Iran: A Study of the Origin, Evolution, and Implications of the Boundaries of Modern Iran. Boca Raton, Florida: Universal-Publishers. ISBN 978-1-58112-933-5.
- ↑ «Fars: Population». Encyclopædia Iranica. Henta 10. februar 2017.
- ↑ 3,0 3,1 «همشهری آنلاین-استانهای کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند (Provinces were divided into 5 regions)». Hamshahri Online (på persisk). 22. juni 2014. Arkivert frå originalen den 23. juni 2014.
- ↑ Shamsnia, S. A.; Shahidi, N.; Liaghat, A.; Sarraf, A. P. & Vahdat, S. F. (2011). «Modeling of Weather Parameters Using Stochastic Methods, ARIMA Model, Case Study: Abadeh Region i Iran» (PDF). IPCBEE. International Conference on Environment and Industrial Innovation (Singapore) 12: 282–285. Arkivert frå originalen (PDF) 22. september 2021. Henta 4. april 2021.
- ↑ 5,0 5,1 Ramirez-Faria, Carlos, red. (2007). «Iran». Concise Encyclopeida of World History. New Delhi: Atlantic Publishers. s. 351–355, page 354. ISBN 978-81-269-0775-5.
- ↑ Iran Travel Guide. Tiki Travel (FB Editions). s. 11.
- ↑ Minahan, James (1998). Miniature Empires: A Historical Dictionary of the Newly Independent States. Westport, Connecticut: Greenwood Press. s. 24. ISBN 978-0-313-30610-5.
- ↑ Bosworth, C. Edmund. «The Ismaʻilis of Quhistan and the Maliks of Nimruz or Sistan». I Daftary, Farhad. Mediaeval Ismaʻili History and Thought. New York: Cambridge University Press. s. 221. ISBN 978-0-521-45140-6.
- ↑ «Map of Iran (Regions)». World of Maps (Weltkarte.com). Arkivert frå originalen 6. mars 2016. Henta 4. april 2021.