Ringsel
Ringsel | |
Ringsel | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Sårbar[1] Utbreiinga av ringsel | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Familie: | Ekte selar Phocidae |
Slekt: | Pusa |
Art: | Ringsel P. hispida |
Vitskapleg namn | |
Pusa hispida |
Ringsel eller snadd (Pusa hispida eller Phoca hispida) er ein sel som lever i arktiske og subarktiske strøk, sørover til norskekysten. Streifdyr kan vandra sør til Portugal, New Jersey og California. Han er òg påtruffen nær Nordpolen. Det finst òg ringsel i Bottenvika, i Ladogasjøen og i Saimen. Ringselen er om lag 115-136 cm lang og veg 40-65 kilo. Dei et små fisk og skaldyr og kan leva i opptil 50 år. Ringsel har vore ein viktig del av kosthaldet for arktiske folkeslag sidan det kom menneske til området og det vert framleis fanga titusenvis av ringsel i året i Grønland og Canada. I Bottenvika, Ladogasjøen og Saimen er ringselen freda.[2] Folk som har avlagt jegerprøve og storviltprøve kan jakta på ringsel på Svalbard utanom naturreservat i jakttida.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Artsomtale: Ringsel Pusa hispida». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 19. juni 2022.
- ↑ Lowry, L. 2016. Pusa hispida. The IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T41672A45231341. https://dx.doi.org/10.2305/IUCN.UK.2016-1.RLTS.T41672A45231341.en
- ↑ «Seljakt (ringsel og storkobbe) på Svalbard». inatur. Henta 19. juni 2022.