Sigdal kommune
Sigdal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud | ||
Adm.senter | Prestfoss | ||
Areal | 842 km² | ||
• land | 813 km² | ||
• vatn | 29 km² | ||
Folketal | 3 526 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Vebjørn Aasand Seljord (Sp) | ||
Kommunenr. | 3332 | ||
Sigdal kommune 60°03′09″N 9°36′04″E / 60.0525°N 9.6011111111111°E | |||
Kart som viser Sigdal kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Sigdal | |||
Nettstad: www.sigdal.kommune.no |
Sigdal er ein kommune i Buskerud fylke. Han grensar mot Flå i nord, Krødsherad i aust, Modum i søraust, Flesberg i sørvest, Rollag i sørvest , og Nore og Uvdal i vest.
Kommunen er prega av høgfjell og dalar. Kring 72 % av kommunen er dekt av skog, 20 % er fjell – vesentleg lågalpin sone. 4 % av flatevidda er dyrka og om lag 4 % er vatn og vassdrag. Til saman 842 km².
Innbyggjarane lever hovudsakleg av jord- og skogbruk og turisme.
Andersnatten
[endre | endre wikiteksten]Dette kjende landemerket er både spennande og sagnomsust. Det karakteristiske fjellet har gjeve liv til både segn og eventyr. Den kjende kunstnaren Theodor Kittelsen budde like ved, og han brukte fjellet som inspirasjon til sine mest kjende trollteikningar. I dag er Andersnatten ein ynda valfartsstad for eventyrlystne fjellklatrarar, og den bratte veggen er skildra som eit fjellklatrareldorado.
Lauvlia
[endre | endre wikiteksten]Theodor Kittelsen er kjent for sine stemningsfulle måleri og eventyrteikningar av troll, dyr og landskap. Han budde saman med familien i Lauvlia som ligg vakkert til ved Soneren i Sigdal. Det var den vakre utsikta som gav han inspirasjon til måleria og teikningane hans.
Christian Skredsvig og Hagan
[endre | endre wikiteksten]Her budde og arbeidde den kjende kunstnaren Christian Skredsvig (mellom anna kjend for måleriet «Gutten med seljefløyten») store delar av sitt liv. Staden har fantastisk utsikt over heile dalen, som med sin vakre natur har inspirert mange kunstnarar opp gjennom åra. Huset ber preg av å vera ein kunstnarheim. Her er alle møblar og måleri intakte som då kunstnaren sjølv levde der. Her kan ein oppleva det særpreget og den sjarmen som gav han inspirasjon til måleria og bøkene hans.
Kjende folk frå Sigdal
[endre | endre wikiteksten]- Erling Kroken (f. 1928), skihoppar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- http://www.sigdal.no - Nettstad med nyhende og informasjon frå Sigdal
- kunstnerhjem.net
- Kommunefakta Buskerud frå Statistisk Sentralbyrå
- kunstnerhjem.net