Simão Sabrosa
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Simão Pedro Fonseca Sabrosa | ||
Fødd | 31. oktober 1979 | ||
Fødestad | Vila Real | ||
Høgd | 170 cm | ||
Posisjon | Ving | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Beşiktaş | ||
Nummer | 31 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1991-92 1992-97 |
Diogo Cão Sporting | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1997-99 1999-2001 2001-07 2007-10 2011- |
Sporting Barcelona Benfica Atlético Madrid Beşiktaş |
53 (12) 46 (3) 172 (76) 113 (20) 0 (0) | |
Landslag | |||
1998-2000 1998- |
Portugal U21 Portugal |
15 (8) 85 (22) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 25. desember 2010 |
Simão Pedro Fonseca Sabrosa, eller berre Simão (fødd 31. oktober 1979 i Vila Real) er ein portugisisk fotballspelar. Han spelar for det portugisiske landslaget og Beşiktaş i den tyrkiske fotballigaen.
Klubbkarriere
[endre | endre wikiteksten]Simão begynte proffkarrieren sin hjå Sporting Clube de Portugal i Lisboa. Han spelte for førstelaget til klubben i to sesongar, før han gjekk til Barcelona for 15 millionar euro, sommaren 1999.[1] Der spelte han saman med landsmannen Luís Figo. Etter to år i Barcelona drog han heim att til Portugal i 2001, då han vart kjøpt av Benfica, visstnok for 12 millionar euro.[2]
Simão vart snart populær blant supporterane til Benfica, og vart også klubbkaptein. I seks sesongar for Benfica var han klubben sin toppskårar kvar sesong, og i 2002/03-sesongen var han delt toppskårar i den portugisiske toppdivisjonen. I 2004/05-sesongen spelte han alle kampane og skåra 15 mål då Benfica vart seriemeister. Sommaren 2005 var Liverpool interessert i å kjøpa han,[3] men forhandlingane braut saman, visstnok fordi Benfica ikkje var nøgd med tilbodet på 12 millionar pund.[4]
Sommaren 2007 forlét han Benfica og gjekk til Atlético Madrid for rundt 19 millionar euro, ifølgje portugisisk presse. Han vart straks fast på laget til Atlético, og skåra sju mål i kvar av dei to første sesongane sine. 12. april 2009 skåra han Atlético Madrid sitt firetusende ligamål.[5] Sommaren 2009 vart han ein av Atlético sine klubbkapteinar. Ved nyttår 2010/11 gjekk han til Beşiktaş for 900 000 euro.
Landslagskarriere
[endre | endre wikiteksten]I 1996 var Simão med på å vinna U17-EM. Han vart seinare fast på U21-landslaget. Han debuterte for A-landslaget som 19-åring, 18. november 1998, mot Israel. Han kom ikkje med til fotball-VM i 2002 grunna skade,[1] men han var med då Portugal kom på andreplass under fotball-EM i 2004. Han spelte tre av Portugal sine seks kampar. Under fotball-VM i 2006 spelte han alle Portugal sine kampar då Portugal kom på fjerdeplass, og skåra eitt mål mot Mexico.[6] I fotball-EM i 2008 spelte han tre av Portugal sine kampar, utan å skåra.[7] Under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010 var han Portugal sin toppskårar med 4 mål,[1] blant anna to mål i heimesigeren over Ungarn[8]
Anna
[endre | endre wikiteksten]Sabrosa er gift og har to born.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Player profile Arkivert 2010-02-03 ved Wayback Machine.; ESPN Soccernet, henta 6. januar 2010
- ↑ «Miccoli to lead Benfica line». UEFA.com. 31. august 2005. Henta 6. januar 2010.
- ↑ «Liverpool confident they will land £8m Simao». The Independent. 5. januar 2006. Henta 6. januar 2010.
- ↑ «Liverpool fail in move for Simao». BBC Sport. 31. august 2005. Henta 6. januar 2010.
- ↑ «Simão enters Atlético history by scoring goal number 4,000». Atlético Madrid's website. 13. april 2009. Henta 6 .januar 2010.
- ↑ Portugal progress as pool winners; UEFA.com, 21. juni 2006
- ↑ «Portugal ousted by German power show». UEFA.com. 19. juni 2008. Henta 7. januar 2010.[daud lenkje]
- ↑ «Simao brace propels Portugal». FIFA.com. 10. oktober 2009. Arkivert frå originalen 7. november 2012. Henta 7. januar 2010.