Songen Billion Dollar Babies
Utsjånad
Billion Dollar Babies Singel av Alice Cooper med Donovan frå albumet Billion Dollar Babies | ||
B-side |
«Mary Ann» | |
---|---|---|
Utgjeve | Juli 1973 | |
Innspelt | 1972 | |
Sjanger | Hardrock, heavy metal | |
Lengd | 3:43 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Tekstforfattar | Alice Cooper | |
Låtskrivar(ar) | Alice Cooper, Michael Bruce, Neal Smith | |
Produsent | Bob Ezrin | |
Alice Cooper med Donovan-kronologi | ||
«No More Mr. Nice Guy» (1973) |
Billion Dollar Babies | «Halo of Flies» (1973)
|
«Billion Dollar Babies» erin song frå 1972 av rockegruppa Alice Cooper frå albumet Billion Dollar Babies. Songen vart gjeven ut som singel i juli 1973, månader etter albumet kom ut. Songen er ein duett mellom Alice Cooper og Donovan, som syng falsett-vokal.[1] Songen er skriven av Alice Cooper, Michael Bruce og Reggie Vinson (ein studiogitarist som hadde arbeidd med Alice Cooper tidlegare[2]). Refrenget av songen har same melodi som The Hollies-songen «Tell Me to My Face» frå 1966.
Billion Dollar Babies vart òg namnet på bandet som somme av bandmedlemmane i Alice Cooper starta etter at dei slutta i bandet. Albumet Billion Dollar Babies var eit av dei siste albuma bandet Alice Cooper, før songaren Alice Cooper gjekk solo.
Songen i popkulturen
[endre | endre wikiteksten]- Songen er nytta i The Secret Life of Girls.
- Songen er nytta i episoden «Monty Can't Buy Me Love» av The Simpsons.
- Ein coverversjon av songen, kalla «Million Dollar Babies», finst i Xbox 360-versjonen av Guitar Hero II.
- Konsertversjonen er nedlastbar for Rock Band-serien.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Alice Cooper - vokal
- Glen Buxton - lead gitar
- Michael Bruce - rytmegitar
- Dennis Dunaway - bass
- Neal Smith - trommer
- Donovan - vokal
Lister
[endre | endre wikiteksten]År | Land | Plassering |
---|---|---|
1972 | USA | 57[3] |
1972 | Tyskland | 30[4] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Billion Dollar Babies (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 17. juli 2011, henta 23. oktober 2011
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 24. juli 2011, henta 23. oktober 2011
- ↑ "Alice Cooper - Charts & Awards - Billboard Singles" Allmusic."
- ↑ ""German Singles Charts Search for Alice Cooper"" Arkivert 2012-09-27 ved Wayback Machine. musicline.de."