Songen Tin Machine
Tin Machine/Maggie's Farm Singel av Tin Machine frå albumet Tin Machine | ||
B-side |
«Maggie's Farm» / «Bus Stop» (live countryversjon) | |
---|---|---|
Utgjeve | September 1989 | |
Innspelt | August 1988 til tidleg i 1989; studiomateriale frå Mountain Studios i Montreux i Sveits, og Compass Point Studios i Nassau konsertopptak 25. juni 1989; i La Cigale i Paris | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:34/4:29 | |
Selskap | EMI MT 73 | |
Låtskrivar(ar) | Bowie, Gabrels, Sales, Sales | |
Produsent | ||
Tin Machine-kronologi | ||
«Under the God» (1989) |
Tin Machine/Maggie's Farm | «Prisoner of Love» (1989)
|
«Tin Machine» er ein song som bandet Tin Machine tok namnet sitt frå,[1] eit spor frå debutalbumet deira, som òg har same namn. Han vart gjeven ut på singel i september 1989 som ei dobbel A-side i lag med eit konsertopptak av Bob Dylan-songen «Maggie's Farm».[2][3]
Songutvikling og konsertopptak
[endre | endre wikiteksten]I følgje Reeves Gabrels var det Sales-brørne som foreslo å kalle opp bandet etter denne songen. Dei meinte «det er som å ha sin eigen temasong».[1]
«Maggie’s Farm» og dei andre konsertopptaka vart spelte inn på konserten til bandet på La Cigale i Paris den 25. juni 1989. Begge songane hadde musikkvideoar – «Tin Machine» hadde eit klipp frå videoen til Julien Temple som ei liksom-framsyning der fansen stormar scenen,[4] som gjer at Bowie blør naseblod. «Maggie’s Farm» vart spelt inn live. Den doble A-sida nådde 48. plassen på den britiske singellista.
Konsertversjonen av «Bus Stop» (òg gjeven ut som countryversjonen) kom sidan ut som bonusspor på Virgin Records-utgåva av Tin Machine frå 1995.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]7"-versjonen
- «Tin Machine» (Bowie, Gabrels, Sales, Sales) – 3:34
- «Maggie's Farm» (Live) (Dylan) – 4:29
12"-versjonen
- «Tin Machine» (Bowie, Gabrels, Sales, Sales) – 3:34
- «Maggie’s Farm» (Live) (Dylan) – 4:29
- «I Can't Read» (Live) (Bowie, Gabrels) – 6:13
CD-versjonen
- «Tin Machine» (Bowie, Gabrels, Sales, Sales) – 3:34
- «Maggie's Farm» (Live) (Dylan) – 4:29
- «I Can't Read» (Live) (Bowie, Gabrels) – 6:13
- «Bus Stop» (Live) (Bowie, Gabrels) – 1:52
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Produsentar
Musikarar
- David Bowie – vokal, gitar
- Reeves Gabrels – sologitar
- Hunt Sales – trommer, vokal
- Tony Sales – bass, vokal
Andre medverkande
- Kevin Armstrong – rytmegitar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tin Machine (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
- ↑ 1,0 1,1 Levy, Joe (July 1989), «I'm with the Band», Spin Magazine 5 (4): 35–36
- ↑ Pegg, Nicholas (October 2016). «The Complete David Bowie New Edition: Expanded and Updated». Titan Books.
- ↑ O'Leary, Chris (2019). Ashes to Ashes The Songs of David Bowie 1976–2016. Repeater Books. ISBN 9781912248308.
- ↑ McLennan, Scott (3. juni 2019). «David Bowie & I: Socks, Sax & Sex Shops». Henta 11. september 2021.