Hopp til innhald

Sonja Stenmarck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sonja Stenmarck

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. juli 1930
Noreg
Død

1. mai 2013 (82 år)
Bærum sykehus

Yrke sosialarbeidar, informasjonsdirektør
Språk norsk, engelsk

Sonja Stenmarck (3. juli 19301. mai 2013) var ein norsk sosialarbeidar og informasjonssjef.

Stenmarck var på NRK radio i 1967 med programmet Sosialtjeneste for kvinner. Vidare var ho barnevernsfullmektig i Oslo kommune 1971–73 og lærer ved Rosenvilde vidaregåande skule i Bærum fram til 1976, då ho byrja som informasjonssjef i Nasjonalforeningen for folkehelsen. Ho vann Karl Evangs pris i 1987 på 35 000 kroner for arbeidet sitt med helseopplysning.[1][2] Stenmarck pensjonerte seg i 1997, og var så saman med Bodil Riisberg sentral i Godthaabs Venneforening, ein støttespelar for Godthaab Helse og Rehabiliteringssenter.[3]

Stenmarck var styreleiar i Kringkastingorkestrets venneforening.[4]

Utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Karl Evangs pris 1987 til Sonja Stenmarck, helsetilsynet.no.
  2. Mette Mo, Karl Evangs pris til Sonja Stenmarck: Hun satser på hver enkelt i Aftenposten den 19. oktober 1987.
  3. Arild Furuseth, Sonja Stenmarck til minne, nekrolog i Budstikka den 6. mai 2013.
  4. Seglsten, Per Helge (18. november 2000). «De som graver en orkestergrav...». Dagsavisen. s. 29.