Stein Are Agledal
Stein Are Agledal | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. februar 1955 (69 år) |
Idrett | friidrett |
Stein Are Agledal (fødd 18. februar 1955) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Sandefjord som åra 1976 og 1978-80 vart noregsmeister på 400 meter. Han var medlem av Sandefjord TIF til 1978, representerte sidan IK Tjalve.
Agledal var norsk bestemann på 400 meter i perioden 1976 til 1980. Alle desse fem sesongane presterte han norsk årsbeste på distansen. Frå 47,7 sekund i 1976, via 47,6 året etter, til 47,6 (manuell tid) og 47,83 (elektronisk tid) i 1978. Deretter kom han i 1979 inn på ny bestetid 47,63, før han 1. juli 1980 sette endeleg personleg rekord med eit løp på 47,39 sekund på Bislett stadion i Oslo.
Agledal var også ein dyktig 200-meterløpar, med 21,7 sekund (manuelt) frå 1979, og 21,94 (elektronisk) frå 1980 som sine fremste prestasjonar.
Medaljar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- 1976 i Askim: Gullmedalje på 400 m
- 1977 i Lillehammer: Sølvmedalje på 400 m
- 1978 i Steinkjer: Gullmedalje på 400 m
- 1979 i Larvik: Gullmedalje på 400 m og på 1000 m stafett
- 1980 i Bodø: Gullmedalje på 400 m og på 1000 m stafett, bronsemedalje på 200 m
- 1981 i Haugesund: Sølvmedalje på 400 m, bronse i 1000 m stafett
Agledal var med på å vinne NM-gull i 4x400 meter stafett for Tjalve i 1976, 1979 og 1981, samt i 4x100 m stafett i 1979.