Sylt
Sylt Lokalt namn Söl' | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Vadehavet i Nordsjøen |
Koordinatar | 54°54′N 8°20′E / 54.900°N 8.333°E |
Øygruppe | Dei nordfrisiske øyane
|
Areal | 99 km²
|
Høgaste punkt | Erhebung (52,5 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Tyskland |
Delstat Landkreis |
Schleswig-Holstein Nordfriesland |
Største busetnad | Westerland (10 488 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 27 219 (2004) |
Folketettleik | 275 /km² |
Sylt (dansk Sild, frisisk Söl) er ei øy nord i Tyskland i Vadehavet i Nordsjøen. Ho er ein del av Dei nordfrisiske øyane i landkreis Nordfriesland i Schleswig-Holstein. Øya var ein gong ein del av fastlandet, men på grunn av erosjon krympar øya stadig. I dag har Sylt eit areal på 99 km². Avstanden frå nord til sør er 35 km og frå vest til aust 13 km. Det høgaste punktet heiter Uwe-Düne og er 52 meter over havet. Øya har 27 000 innbyggjarar (2004).
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Sylt er ein særprega del av Tyskland sidan ho er ein del av Dei frisiske øyane. Ho har sin eigen dialekt kalla söl'ring. Söl'ring er ein dialekt av frisisk språk med element frå dansk, nederlandsk og engelsk. I dag er det berre ein liten del av busetnaden som framleis snakkar söl'ring. I 2004 vart det vedtatt ei lov som skulle hjelpe fram språket.
Husa på Sylt har ein tydeleg frisisk arkitektur.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Sylt var opphavleg ein del av Jylland og dei første busetnadane ein har funne spor etter går tilbake til 3000 fvt. Dei første frisiske busetnadane er frå 700- og 800-talet. Sylt var delt mellom Hertugen av Schleswig og Danmark i 1386. Bortsett frå byen List vart Sylt ein del av Hertugdømet Schleswig i 1435. På 1600- og 1700-talet førte kvalfangst, fiske og dyrking av østers til auka rikdom hos innbyggjarane. Turismen på øya starta på 1800-talet. I 1927 vart det bygd ein jernbanefylling mellom øya og fastlandet.
Transport
[endre | endre wikiteksten]Sylt er forbunde til fastlandet via Hindenburgdamm, ei jernbanefylling, som tar passasjerar til frå Westerland til Niebüll eller Klanxbüll. I Niebüll kan ein ta med bil på toget. Det finst òg ferjesamband til den danske øya Rømø, i tillegg til at øya har ein flyplass.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Frisian Shores: The Island of Sylt på www.hiddeneurope.co.uk (September 2006), s. 6-8
- Denne artikkelen bygger på «Sylt» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juni 2007.