Thorleif Olsen
Thorleif Olsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. november 1921 Christiania |
Død | 11. mars 1996 (74 år) Oslo |
Idrett | fotball |
Tok del i | Sommar-OL 1952 |
Thorleif Werner Olsen (15. november 1921–11. mars 1996) var ein fotballspelar frå Oslo. Han var vinghalf på Vålerengen sitt fotball-lag frå etter verdskrigen til 1963. Over ein femårsperiode spelte han 34 landskampar for Noreg. «Toffa» Olsen var «en utrettelig sliter som aldri ga opp en ball».[1]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Olsen var fast på Vålereng-laget i 18 sesongar. Frå Hovudserien kom i gong 1948, deltok han i 146 toppserie-kampar til arvtakaren 1. divisjon vart avslutta hausten 1963. Laget beste prestasjon kom allereie i 1948/49-sesongen, då Vålerengen vann A-avdelinga i Hovudserien. I seriefinalane mot Fredrikstad FK vart det tap både heime og borte. I NM-cupen kom ikkje Olsen og Vålerengen nokon gong forbi semifinalane. Han var 41 år og 332 dagar gammal då han i oktober 1963 på Brann stadion ikkje klarte hindre SK Brann verte seriemeister. Sidan har ingen i spelt kamp i norsk toppserie i høgare alder.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Frå november 1950 til september 1955 spelte Olsen 34 kampar for Noregs landslag. Han var med då Noreg tapte OL-kampen mot Sverige i Tampere 21. juli 1952.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Andreplass i Hovudserien: 1948/49 med Vålerengen IF
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Breili, M. (1967). Fotballboken. Oslo: Ch. Schibsteds Forlag.
- Thorleif Olsen på eu-Football.info. Henta 24. oktober 2023.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Breili M. (1967), s. 94