Tiszasjøen
Tiszasjøen | |||
innsjø | |||
Land | Ungarn | ||
---|---|---|---|
Område | Bács-Kiskun | ||
Innsjøtype | Reservoar | ||
Tilsig | Tisza | ||
Utløp | Tisza | ||
Lengd | 27 km | ||
Areal | 127 km² | ||
Middeldjupn | 1,3 m | ||
Koordinatar | 47°33′56″N 20°37′54″E / 47.56556°N 20.63167°E | ||
Øyar | 43 km² med småøyar | ||
Tiszasjøen 47°36′00″N 20°40′00″E / 47.6°N 20.666666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Tisza-tó |
Tiszasjøen (ungarsk Tisza-tó, òg kalla Kisköre-reservoaret (ungarsk Kiskörei-víztározó) er den største kunstige innsjøen i Ungarn. Han ligg heilt søraust i fylket Heves, nær grensa til fylka Borsod-Abaúj-Zemplén, Hajdú-Bihar og Jász-Nagykun-Szolnok.
Reservoaret vart bygd på elva Tisza for å kontrollere flaumfarane og vart bygd i 1973. Fyllinga var ferdig på 1990-talet og gav eit areal på 127 km². Innsjøen er 27 km lang med eit middeldjup på 1,3 m og eit maksimalt djup på 17 m. Han inneheld 43 km² med småøyar.
Etter reservoaret stod ferdig byrja ungarar å nytte innsjøen som feriestad og vart eit bra alternativ den overfylte og dyre Balatonsjøen, den tradisjonelle feriestaden i Ungarn. Som følgje av dette har turistinfrastrukturen vorte utvikla ved reservoaret og den ungarske regjeringa har erklært området som eit offisielt turistmål.
Innsjøen (eller reservoaret) har ein ny lokal økologi med eit mangfald av fuglar, planter og dyr.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lake Tisza» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2007.