Todd Terje
Todd Terje | |||
Fødd | 11. mai 1981 (43 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Mjøndalen i Noreg[1] | ||
Alias | Wade Nichols, Duliatten Disco Dandia, Chuck Norris, New Mjøndalen Disco Swingers, Kacic Kullmann's Five | ||
Aktiv | Sidan 1999 | ||
Sjanger | |||
Tilknytte artistar | Lindstrøm, Prins Thomas, Bryan Ferry, Franz Ferdinand | ||
Plateselskap | Permanent Vacation, Bacause Music, Soul Jazz Records, Bear Funk, Full Pupp, Running Back, Smalltown Supersound, Olsen | ||
Verka som | musikkprodusent, komponist, DJ, musikar |
Todd Terje er artistnavet til Terje Olsen (fødd 11. mai 1981), eit norsk DJ og produsent innan elektronisk dansemusikk. Artistnamnet er ein hyllest til den amerikanske produsenten og DJ-en Todd Terry.[4] Saman med blant anna Hans-Peter Lindstrøm og Prins Thomas er han del av den såkalla «Oslo-disco»-scena.[5] Sidan 2012 har han drive plateselskapet Olsen. Todd Terje er opphavleg frå Mjøndalen, men er i dag busett i Oslo. Han er bror av Bigbang-trommeslagaren Olaf Olsen.[6]
I 2004 vart singelen «Eurodans» gjeve ut på det britiske plateselskapet Soul Jazz Records. Rykta seier at berre 60 kopiar vart trykt før han avbraut avtala med plateselskapet på grunn av usemjer i avtalevilkåra. Året etter vart «Eurodans» relansert på det norske plateselskapet Full Pupp.
Frå midten av 2000-åra gjorde han seg notert i klubbmiljøa med sine «disco edits», ein teknikk der ein plukkar gamle låtar frå kvarandre og set dei saman att på ein meir dansegolv-orientert måte. I 2014 kåra nettstaden Pitchfork hans femten beste «disco edits».[7]
I 2012 fekk han sitt internasjonale gjennombrot som produsent med klubb-hitten «Inspector Norse», førstesporet på EP-en It's the Arps. Same år vart han kreditert som medkomponist for Robbie Williams-songen «Candy», som inneheld ei sampling frå låta «Eurodans».[8]
I 2014 gav han ut debutalbumet It's Album Time, til god kritikk frå musikkpressa verda over. Han vart den norske vinnaren av den europeiske EBBA-prisen for 2015, ein europeisk pris som vert til delt ut framstormande artistar eller grupper frå ulike land som har nådd publikum utanfor sit eige land for første gong.[9]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Studioalbum
[endre | endre wikiteksten]Tittel | Detaljar | Listeplassering | ||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
NOR [10] |
BEL (Fl) [11] |
BEL (Wa) [11] |
FR [12] |
NED [13] |
SWI [14] |
UK [15] |
US [16] |
US Dance [17] | ||
It's Album Time |
|
2 | 36 | 94 | 72 | 64 | 67 | 23 | 120 | 4 |
Samlealbum
[endre | endre wikiteksten]År | Detaljar |
---|---|
2010 | Remaster of the Universe
|
An Anthology: Weighed & Measured
| |
The Red Album
|
EP-ar
[endre | endre wikiteksten]År | Tittel | Dato | Selskap |
---|---|---|---|
2005 | Mjøndalen Diskoklubb | 1. januar 2005 | Full Pupp |
Eurodans | 4. april 2005 | Full Pupp | |
2011 | Ragysh | 4. april 2011 | Running Back |
2012 | It's the Arps | 9. januar 2012 | Olsen Records |
2014 | Delorean Dynamite | 22. april 2014 | |
2015 | Alfonso Muskedunder Remixed | 6. april 2015 | |
2016 | The Big Cover-Up (with the Olsens) | 17. juni 2016 |
Singlar
[endre | endre wikiteksten]År | Singel | Listeplassering | Album | ||
---|---|---|---|---|---|
BEL (Fl) [18] |
FRA [19] |
NED [20] | |||
2012 | «Inspector Norse» | 9 | — | 88 | It's the Arps |
2013 | «Lanzarote» (with Lindstrøm) | — | — | — | Berre singel |
«Strandbar» | — | — | — | ||
«Spiral» | — | — | — | ||
2014 | «Delorean Dynamite» | 56 | — | — | It's Album Time |
«Leisure Suit Preben» | — | — | — | ||
«Johnny and Mary» (med Bryan Ferry) | — | 185 | — | ||
2015 | «Alfonso Muskedunder» | — | — | — |
Vinyl-singlar
[endre | endre wikiteksten]År | Tittel | Dato | Selskap |
---|---|---|---|
2004 | Bodies (delt med Akwaaba) | 1. september 2004 | Bear Funk |
Eurodans / Reinbagan | 15. november 2004 | Soul Jazz Records |
Remiksar
[endre | endre wikiteksten]År | Artist | Spor | Tittel |
---|---|---|---|
2005 | Snuten med Fox N' Wolf | «Wild and Free (Claws Against Knives)» | Todd Terje Night Version |
2006 | Antena | «Camino Del Sol» | |
Felix Laband | «Whistling In Tongues» | ||
Lindstrøm | «Another Station» | ||
2007 | Kaoru Inoue | «The Secret Field» | |
Reverso 68 | «Piece Together» | Todd Terje Remix #2 Todd Terje Spinning Star Mix | |
Studio | «Life's A Beach!» | Todd Terje Beach House Mix | |
2008 | Arbeid Adelt! | «Death Disco» | Todd Terje Edit |
Chaz Jankel | «Glad to Know You» | Todd Terje Edit | |
Dølle Jølle | «Balearic Incarnation» | Todd Terje‘s Extra Døll Mix | |
José González | «Killing for Love» | Todd Terje Brokeback Mix | |
Simon Baker | «Plastik» | Todd Terje Trkatech Remix | |
2009 | Gichy Dan's Beachwood #9 | «On a Day Like Today» | Todd Terje's Friendly Children |
M | «Pop Muzik» | ||
Rogue Cat | «Magic Journey» | ||
Shit Robot | «Simple Things» | Todd Terje Version | |
2011 | Bombay Bicycle Club | «Lights Out, Words Gone» | |
Bryan Ferry | «Alphaville» | ||
Claudja Barry | «Sweet Dynamite» | Todd Terje Edit | |
Mungolian Jetset | «Moon Jocks 'n' Prog Rocks» | Todd Terje's Schlong Tong Vocal Version Todd Terje's Even Stiv-En Dub Version | |
The Units | «High Pressure Days» | Todd Terje Disco Mix | |
2012 | Bepu N'Gali | «I Travel to You» | |
Bjørn Torske | «Langt fra Afrika» | Todd Terje's Enda Lengre Miks (Fra Afrika Altså) | |
Joakim | «Nothing Gold» | Todd Terje Remix Todd Terje DJ Tool | |
Gary's Gang | «Keep On Dancing» | ||
Hot Chip | «How Do You Do?» | ||
Roxy Music | «Love Is the Drug» | Todd Terje Disco Dub | |
2013 | Bryan Ferry | «Don't Stop the Dance» | |
2014 | Dolly Parton | «Jolene» | |
2015 | Jaga Jazzist | «Oban» | |
2016 | Beranek | «Dra te hælvete» | Todd Terje Edit Todd Terje Disco Dub Todd Terje Acid Remix |
Edits
[endre | endre wikiteksten]Todd Terje har mange uoffisielle utgjevinga av «disco-edits» under ulike pseudonym.[21]Lista under består berre av dei offisielle.
År | Artist | Spor | Tittel |
---|---|---|---|
2012 | Aksel Friberg | «To Be There With You» | Disco Mix |
«Viking Music» | Disco Mix | ||
Lindstrøm | «Eg-ged-osis» | Todd Terje Extended Edit | |
«Ra-ako-st» | Todd Terje Extended Edit | ||
2013 | Franz Ferdinand | «Evil Eye» | Todd Terje Extended Mix |
«Stand on the Horizon» | Todd Terje Extended Mix | ||
Lindstrøm | «Faar-i-kaal» | Todd Terje Extended Edit | |
«Vos-sako-rv» | Todd Terje Extended Edit Todd Terje Extended Mix - Dub Version |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Todd Terje» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juli 2021.
- ↑ «Under the gun: Todd Terje». Resident Advisor. 25. oktober 2007. Henta 26. juli 2021.
- ↑ 2,0 2,1 Fenwick, Tom (28. mai 2014). «Todd Terje: It's Album Time (Olsen) Review». Under the Radar. Henta 26. juli 2021.
- ↑ Huizenga, Tom; Tsioulcas, Anastasia; Powers, Ann; McCartney, Kelly; Hart, Otis; Thompson, Stephen; Hilton, Robin; Ganz, Jacob; Gotrich, Lars; Fitzgerald, Kiana; King, Jason; Kelley, Frannie; Contreras, Felix; Jarenwattananon, Patrick; Garsd, Jasmine; Dye, David; Carter, Bobby; Boilen, Bob; Katzif, Mike. «NPR Music's Favorite Songs Of 2014». National Public Radio. National Public Radio. Henta 12. mai 2017.
- ↑ residentadvisor.net - Under the gun: Todd Terje
- ↑ Bernt Erik Pedersen (27. april 2010). «Her er Oslos disco-sjefer» Arkivert 2013-11-04 ved Wayback Machine., Dagsavisen.no
- ↑ Øyvind Schou (2. april 2014). «Todd Terje høster god kritikk for albumdebuten», dt.no
- ↑ Andy Beta (19. februar 2014). «Todd Terje: 15 Essential Rarities», Pitchfork.com
- ↑ Jonas Pettersen (10. september 2012). «Todd Terje er medlåtskriver på Robbie Williams' nye singel», Dagbladet.no
- ↑ «Todd Terje vant pris». 23. oktober 2014. Henta 26. november 2017.
- ↑ «Todd Terje discography». Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 18. april 2014.
- ↑ 11,0 11,1 «Todd Terje - It's Album Time». Ultratop.be. Henta 1. august 2014.
- ↑ «Todd Terje - It's Album Time». Lescharts.com. Henta 1. august 2014.
- ↑ «Todd Terje - It's Album Time». Dutchcharts.nl. 23. april 2014. Henta 1. august 2014.
- ↑ «Todd Terje - It's Album Time». Hitparade.ch. Henta 1. august 2014.
- ↑ «TODD TERJE | Artist». Official Charts Company. Henta 10. oktober 2019.
- ↑ «Todd Terje Chart History: Billboard 200». Billboard. Henta 10. oktober 2019.
- ↑ «Todd Terje Chart history: Dance/Electronic Albums». Billboard. Henta 10. oktober 2019.
- ↑ «Todd Terje - Delorean Dynamite». Ultratop.be. Henta 26. juli 2021.
- ↑ «Discographie Todd Terje feat. Bryan Ferry». Lescharts.com. Henta 26. juli 2021.
- ↑ «Todd Terje - Inspector Norse». Dutchcharts.nl. Henta 26. juli 2021.
- ↑ «Starter». Pitchfork.com.