Undernasjonale område i Iran
Utsjånad
Undernasjonale område i Iran er delt inn i fleire nivå. Det første nivået er provinsar (farsi استانها, ostānhā)
Kvar provins er vidare delt inn i fylke, kalla shahrestan (farsi شهرستان), og kvar shahrestan er delt inn i distrikt kalla bakhsh (farsi بخش). Det finst vanlegvis eit par byar (farsi شهر shahr)) og landsdistrikt (farsi دهستان dehestān) i kvart fylke. Landsdistrikta er ei samling av ei rekkje landsbyar. Ein av byane i fylket har status som hovudstad eller administrativt senter.
I følgje dei iranske styresmaktene er talet på område per mars 2016:[1]
Norsk | Persisk eintal | Persisk fleirtal | Tal |
---|---|---|---|
Provinsar | استان ostān | استانها ostānhā | 31 |
Fylke | شهرستان shahrestān | 429 | |
Distrikt | بخش bakhsh | 1057 | |
Byar | شهر shahr | 1245 | |
Landsdistrikt | دهستان dehestān | 2589 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Subdivisions of Iran» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mars 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: