United States Geological Survey
United States Geological Survey | |||
| |||
| |||
Skipa | 3. mars 1879 | ||
---|---|---|---|
Land | USA[1] | ||
Nettstad | https://www.usgs.gov/ (engelsk) |
United States Geological Survey (USGS, norsk USAs geologiske undersøkingar) er eit statleg, vitskapleg byrå i USA. Forskarar i USGS studerer landskapet i USA, naturressursar og naturfarar som trugar landet. Byrået har fire store fagfelt som omfattar biolog, geografi, geologi og hydrologi. USGS er ein forskingsorganisasjon som søker etter informasjon og har ikkje nokre lovmessig ansvarsområde.
Byrået er underlagt Innanriksdepartmentet i USA og er dette departmentet sitt einaste vitskaplege byrå. USGS har kring 8500 tilsette[2] og har hovudkvarter i Reston i Virginia. USGS har òg store kontor i Lakewood i Colorado og Menlo Park i California.
Mottoet til USGS er «Vitskap for ei verd i endring.»[3]
USGS er Noreg sitt svar på Noregs geologiske undersøkingar og Statens kartverk.
Leiarar
[endre | endre wikiteksten]- 1879–1881: Clarence King
- 1881–1894: John Wesley Powell
- 1894–1907: Charles Doolittle Walcott
- 1907–1930: George Otis Smith
- 1930–1943: Walter Curran Mendenhall
- 1943–1956: William Embry Wrather
- 1956–1965: Thomas Brennan Nolan
- 1965–1971: William Thomas Pecora
- 1971–1978: Vincent Ellis McKelvey
- 1978–1981: Henry William Menard
- 1981–1993: Dallas Lynn Peck
- 1994–1997: Gordon P. Eaton
- 1998–2005: Charles G. Groat
- 2006–2009: Mark Myers
- 2009–2013: Marcia McNutt
- 2014–2017: Suzette Kimball
- 2018–2021: James F. Reilly
- 2022– : David Applegate
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «United States Geological Survey» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ https://www.grid.ac/institutes/grid.2865.9; GRID; GRID-identifikator: grid.2865.9; vitjingsdato: 6. juli 2020.
- ↑ The Associated Press (October 23, 2009). «Monterey Aquarium's McNutt new USGS director». Google News. Henta 16. oktober 2012.
- ↑ «USGS Visual Identity System». U.S. Geological Survey. July 27, 2006. Arkivert frå originalen 30. januar 2009. Henta 16. oktober 2012.