Hopp til innhald

Věra Čáslavská

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Věra Čáslavská


Věra Čáslavská i 1967.

Statsborgarskap Tsjekkoslovakia, Tsjekkia
Fødd 3. mai 1942
Praha
Død 30. august 2016 (74 år)
Praha
Idrett turn
Tok del i Sommar-OL 1960, gymnastics at the 1964 Summer Olympics – women's individual all-around, gymnastics at the 1968 Summer Olympics – women's artistic individual all-around, gymnastics at the 1964 Summer Olympics – women's balance beam, gymnastics at the 1968 Summer Olympics – women's balance beam, gymnastics at the 1968 Summer Olympics – women's floor, gymnastics at the 1968 Summer Olympics – women's uneven bars, gymnastics at the 1964 Summer Olympics – women's vault, gymnastics at the 1968 Summer Olympics – women's vault
Utmerkingar Den tsjekkiske republikks fortjenstmedalje, Gratias Agit, Den oppadstigende sols orden, International Gymnastics Hall of Fame, Silver Olympic Order

Věra Čáslavská (3. mai 194230. august 2016) var ein tsjekkisk turnar frå Praha som representerte Tsjekkoslovakia. I tida 1964-68 vann ho sju gullmedaljar i olympiske leikar, fire i verdsmeisterskap og elleve i europameisterskap.

Čáslavská debuterte internasjonalt ved verdsmeisterskapen 1958, der ho fekk sølv i lagtevlinga. Også i Sommar-OL 1960 tok det tsjekkoslovakiske laget sølvmedalje. Under dei olympiske sommarleikane i Tokyo i 1964 vann ho både mangekampen og øvingane bom og hopp. I europameisterskapane 1965 og 1967 sigra ho i alle dei fem individuelle tevlingane. Under Sommar-OL 1968 i Mexico tok Čáslavská medalje i alle seks tevlingane. Ho vann gullmedaljen i mangekampen og i frittståande, hopp og skranke.