Varangerhalvøya nasjonalpark
Varangerhalvøya nasjonalpark | |||
Várnjárgga álbmotmeahcci | |||
nasjonalpark | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommunar | Vardø, Vadsø, Nesseby, Båtsfjord | ||
Høgaste punkt | Skiskjølen | ||
• høgd | 633 moh. | ||
Areal | 1 804 km² | ||
Oppretta | 8. desember 2006 | ||
Varangerhalvøya nasjonalpark 70°20′00″N 29°38′00″E / 70.333333333333°N 29.633333333333°E |
Varangerhalvøya nasjonalpark, på nordsamisk Várnjárgga álbmotmeahcci, er ein nasjonalpark oppretta i 2006 og som omfattar areal i kommunane Båtsfjord, Unjárga/Nesseby, Vadsø og Vardø i Finnmark.
Fornminne viser at menneske har hatt tilhald i området i fleire tusen år. Dei eldste kulturminna på halvøya er daterte til eldre steinalder, meir enn 6500 år attende. Her finst buplassar og restar av reiskap, fangstanlegg og leiegjerde for villrein, og mange samiske heilagdomar og offerplassar. Varangerhalvøya er eit gammalt samisk haustingsområde.
Vern og bruk
[endre | endre wikiteksten]Formålet med vernet er mellom anna å ta vare på
- den mest arktisk prega delen av fastlands-Noreg med spesielle landformer og avsetningar etter istida
- eit plante- og dyreliv med austlege og arktiske innslag
- eit kjerneområde for fjellrev
- unike samiske kulturminne.
Området er svært viktig for sædgås og dverggås.
Folk skal ha høve til å oppleve naturen gjennom enkelt og tradisjonelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging. Naturgrunnlaget innanfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næring. Området skal kunne brukast til reindrift.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Verneforskrifta
- Direktoratet for naturforvalting, informasjon om Dovre nasjonalpark. Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.
- PDF-kart Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.