Viksdalen kyrkje
Viksdalen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Sunnfjord | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sunnfjord | ||
Sokn | Gaular | ||
Fellesråd | Gaular | ||
Type | Langkyrkje | ||
Teknikk | Tømra | ||
Innvigd | 5. november 1848 | ||
• Endringar | 1889 og 1938/39 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 284 | ||
Viksdalen kyrkje 61°21′04″N 6°06′58″E / 61.3511°N 6.116°E | |||
Wikimedia Commons: Viksdalen kyrkje |
Viksdalen kyrkje er ei lafta langkyrkje frå 1848 i Viksdalen i Sunnfjord kommune i Vestland.
Byggverket er i tømmer og har 284 plassar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det stod opphavleg ei kyrkje frå ca. 1620 på den same grunnmuren som Viksdalen kyrkje står på i dag. Denne gamle kyrkja hadde ei total renovering i 1847 og 1848. Måla vart stort sett slik dei var før renoveringa, og mykje av materialet frå den gamle kyrkja vart brukt i den nyrenoverte kyrkja. Kyrkja vart likevel rekna som ny, og ho vart vigsla 5. november 1848. Kyrkja vart bygd med den nye kyrkja i Bygstad som modell, men ein veit ikkje sikkert korleis kyrkja såg ut på innsida. Altartavla og altaret vart med frå den gamle kyrkja.
I 1889 vart kyrkja atter ein gong ombygd, ho fekk då spir. Fram til 1889 hadde ho hatt tårnhjelm etter modell av kyrkja i Bygstad. Koret vart også bygd i 1889. Benkane og galleriet vart måla gule og altartavla vart måla i raudt, blått, brunt, grønt og kvitt.
I 1938 vart det bygd sakristi og konfirmantrom i vinkel ut frå koret. Også i 1939 pågjekk det ombygging, då vart kortaket gjort om til ei kvelving, benkane fekk heil rygg og golvet i midtgangen vart heva. Målet med denne restaureringa var å gje kyrkja det preget den hadde før 1889.
Fram til 1960 heitte kyrkja Vik kyrkje, men i 1960 skifta både kyrkja og soknet namn til Viksdalen, hovudsakleg for å sleppe samanblanding med Vik i Sogn.
Inventar
[endre | endre wikiteksten]Altartavle
[endre | endre wikiteksten]Altartavla er frå ca. 1620. Det er ei tredelt renessansetavle med rik ornamentikk. På baksida av tavla er det skore inn tala 1734 og bokstavane SHK. Truleg er dette signaturen til personen som målte tavla, ei tilsvarande altartavle i Bygstad vart målt dette året. Tavla vart restaurert i 1939.
Altarbord
[endre | endre wikiteksten]Altarbordet er frå ca. 1600, med dekor frå 1590-åra.
Preikestol
[endre | endre wikiteksten]Preikestolen er frå 1848, men vart i 1939 ombygd for å passe betre med altartavla.
Døypefont
[endre | endre wikiteksten]Døypefonten er frå 1848, og har dåpsfat frå slutten av 1500-talet.
Kyrkjeklokker
[endre | endre wikiteksten]Kyrkja fekk ny kyrkjeklokke i 1998, i samband med 150-årsjubileet. I tillegg står den gamle kyrkjeklokka i våpenhuset i kyrkja, denne klokka er frå 1534.
Steinkors
[endre | endre wikiteksten]Då kyrkjegarden vart pløgd opp på 1950-talet, fann ein to gamle steinkors. Desse vert no oppbevart inne i kyrkja.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Viksdalen kirke» frå Wikipedia på bokmål, den 16. desember 2008. Der vert desse kjeldene oppgjevne:
- Aaraas,Margrethe Henden; Djupedal, Torkjell; Vengen, Sigurd; Forsund, Finn Borgen, På kyrkjeferd i Sogn og Fjordande - 1. Norfjord og Sunnfjord, Selja Forlag, Førde, 2000. ISBN 82-91722-13-7
- Viksdalen kirke på Gaular kommune sine sider Arkivert 2007-10-07 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Viksdalen kyrkje i Gaular sokn ved kirken.no
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen/Digitalarkivet
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Gaular kommune på nettstaden disnorge.no
- Eldre fotografi av kyrkja på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Viksdalen kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Viksdalen kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.