Viktor Lipsnis
Viktor Lipsnis | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Ukraina |
Fødd | 6. desember 1933 Nizjyn |
Død | 25. september 1997 (63 år) Kyiv |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1964, EM i friidrett 1958, EM i friidrett 1962, Sommeruniversiaden 1961 |
Viktor Lipsnis (6. desember 1933–25. september 1997) var ein ukrainsk kulestøytar, fødd i Nizjyn og død i Kiev, som representerte Sovjetunionen. Han vart andremann i øvinga både under EM 1958 og EM 1962.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Lipsnis sette 12. august 1958 sovjetisk rekord i kulestøyt med 17,72 m då han sigra i den sovjetiske hærmeisterskapen i Tartu. Under europameisterskapen i Stockholm elleve dagar seinare leia han kuletevlinga etter fem omgangar, men måtte sjå seg slått av Arthur Rowe som i siste omgang sette britisk rekord med 17,74 meter. 20. januar 1959 vart Lipsnis den fyrste europearen som støytte kula over 18 meter, med di han innandørs i Leningrad fekk målt 18,08 m.
19. juni 1960 forbetra Lipsnis sovjetrekorden til 18,49 m då han vart bestemann i eit internasjonalt stemne i Praha. I OL-finalen i slutten av august same året vart han fjerdemann, over meteren bak dei tre medaljevinnarane frå USA. I 1961 vann Lipsnis kuletevlinga i universiaden. Under landskampen USA – Sovjetunionen i Palo Alto 21. juni 1962 flytta han sovjetrekorden til 18,93 m. Ved europameisterskapen i Beograd tok Lipsnis sølvmedaljen, klart slått av ungararen Vilmos Varjú.
I mai 1964 forbetra Lipsnis sovjetrekorden til fyrst 19,04 m og deretter til 19,23 m. 25. juli 1964 presterte han sitt livs lengste støyt då kula landa på 19,35 m i landskampen USA – Sovjetunionen i Los Angeles. Han vart likevel statist mot Dallas Long som vann og sette verdsrekord med 20,68 meter.
Lipsnis la opp etter 1965-sesongen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1958 i Stockholm: Sølvmedalje – 17,47 m, bakom Arthur Rowe (17,72 m)
- OL 1960 i Roma: Nr 4 – 17,90 m
- EM 1962 i Beograd: Sølvmedalje – 18,38 m, bakom Vilmos Varjú (19,02 m)
- OL 1964 i Tokyo: Nr 10 – 18,11 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wiktor Lipsnis» frå Wikipedia på tysk, den 16. juli 2020.
- «Viktor Lipsnis» (på engelsk). Olympedia. Henta 13. mars 2023.