Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 37, 2012
Forslag 1:
Slaget ved Wien fann stad den 11. og 12. september 1683 etter at Wien hadde vore kringsett av Det osmanske riket i to månader. Det var eit slag der Det tysk-romerske riket i lag med Det polsk-litauiske samveldet (Den heilage ligaen) stod opp mot Det osmanske riket ved fjellet Kahlenberg nær Wien.
Kringsetjinga starta den 14. juli 1683 med om lag 150 000 mann frå Det osmanske riket. Kringsetjingsstyrken bestod av 60 ortaer med janitsjarar (12 000 mann på papiret) med ein observasjonsarme på kring 70 000 mann som såg over landområda kring. Den heilage ligaen stilte med ein styrke på omlag 84 000 mann.
Slaget markerte den historiske slutten på ekspansjonen til Det osmanske riket i Europa. Slaget er òg kjend for det største kavaleriåtaket i historia.
- ~~ Aktuelt på sitt vis … -- Hogne (diskusjon) 28. august 2012 kl. 14:04 (CEST)