Yoshi
Yoshi er ein oppdikta dinosaur som er kjend frå fleire Nintendo-spel. Han debuterte som bifigur i spelet Super Mario World på Super Nintendo Entertainment System i 1991,[1] med ei beskjeden rolle som Mario sitt ridedyr, men har seinare fått sine eigne spelseriar, som Yoshi's Story på Nintendo 64. Yoshi har sidan vore med i spel som Mario Kart, Mario Tennis og Mario Party.
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Det særeigne med Yoshi er salen, tunga, evna til å lage egg og hoppeevna. Yoshi var fyrst eit ridedyr for Mario og Luigi, men han har òg på seg salen i spel kor han spelar andre roller. Det er lett å tru at salen er eit skjelpaddeskal og difor ta Yoshi for å vere ein skjelpadde i slekt med Koopa Troopa-ar og liknande Nintendo-figurar, men dette er ikkje meir enn ei vanleg mistolking.
Den lange, klissete tunga til Yoshi har ei nykelrolle i fleire spel. Tunga si nyttar Yoshi til å få tak i frukt, fiendar, myntar osv. på avstand. Kva han gjer med det han får tak i varierer frå spel til spel, men i hovudsak kan svelgde fiendar nyttast til å lage egg, som Yoshi seinare kan kaste. Yoshi kan sjeldan ha med seg meir enn seks egg med seg på ein gong.
I dei fleste spel kor Yoshi spring om kring og kan hoppe, kan han halde seg flygande ei lita stund ved å spinne med beina. I nokre spel kan Yoshi gjere dette igjen og igjen, men søkke litt lågare for kvar gong, i andre spel er det avgrensa til eitt slikt sprang mellom kvar gong han røyrer bakken.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ McLaughlin, Rus (14. september 2010), «IGN Presents: The History of Super Mario Bros.», IGN (på engelsk), henta 8. september 2024