1915
Sagt om 1915
[endre]Sagt i 1915
[endre]Opphavleg mål: Engelsk
År: 1915
Kontekst: Mangel på militært utstyr i første verdskrigen var ein nasjonal britisk skandale, og mange la skulda på alkoholvanane til arbeidarane som produserte materiellet. Den dåverande finansministeren Lloyd George kom med utsegna då han vitja Bangor i Wales den 28. februar 1915.
Utsegna blei raskt vidareformidla i media (som New York Times, 30. mars 1915) og i seinare samanhengar. Ho blei sitert i ein alkoholdebatt i Overhuset 10. juni 1941. Seinare er ho mykje brukt i historisk samanheng for å illustrera dåtidas alkoholsyn.
alkohol drikking fiendar øydelegging Austerrike |
Tyskland |
«Me kjempar mot Tyskland, Austerrike og drikk, og så vidt eg kan sjå, er den største av desse tre daudelege fiendane drikk.» David Lloyd George
Kjelde:Tidens Tegn (avis)
Opphavleg mål: Riksmål
År: 1915
Periode: Første verdskrigen
Kontekst: Wollert Konow om det han meinte var synet til den jamne nordmann om utfallet av verdskrigen. Frå Tidens Tegn 31.1.1915. Konow er sitert i «I skyggen av det store blodbadet» i Aftenposten 20.10.2011.
første verdskrigen vinning soldatar gutar England |
«Når eg utover hausten har veksla ord med soldatane som har gått frå vaktposten, så har det ikkje vore tvil i deira sjel. Når eg har gått forbi småguten som har sete på stabbesteinen og lese sitt blad, og eg har spurt: Kven meiner de skal vinna? Så har det gnistra eit blikk frå dei blanke augo: Engelskmennene, naturlegvis!» Wollert Konow