Golda Meir
Golda Meir[a] (3. mai 1898–8. desember 1978), kjent som Golda Myerson frå 1917–1956) var fjerde statsminister i og ein av grunnleggjarane av Staten Israel.[1]
Golda Meir | |||
| |||
Fødd | 3. mai 1898 Kyiv, Det russiske imperiet | ||
---|---|---|---|
Død | 8. desember 1978 (80 år) | ||
Statsborgar av | Palestinamandatet, Israel | ||
Parti | Det israelske arbeidarpartiet | ||
Yrke | lærar, politikar | ||
Utdanna ved | University of Wisconsin–Milwaukee North Division High School Wisconsin State College of Milwaukee | ||
Ektefelle | Morris Meyerson | ||
Barn | Menahem Meir | ||
Medlem | Jewish National Council | ||
Alle verv |
|
Liv og virke
endreMeir var fødd Golda Mabovitsj (kyrillisk skrift Голда Мабович) i ein fattig familie i Kyiv, i Det russiske imperiet (noverande Ukraina). Ho hadde to søstrer pluss fem søsken som døydde som barn. Åtte år gamal emigrerte ho i 1906 saman med familien sin til Milwaukee i Wisconsin.[2]
Golda Meir vart gradvis meir involvert i den jødiske sionistiske rørsla. På slutten av den andre verdskrigen, tok ho del i forhandlingane med britane som resulterte i stiftinga av staten Israel. Meir var ein av dei 24 personane som 14. mai 1948 skreiv under på sjølvstendeerklæringa til Israel. Det første israelske passet vart gitt til Golda Meir, og ho kunne reise til USA for å samle inn pengar til den nye staten. Då ho vende tilbake vart ho landets første ambassadør i Sovjetunionen,[3] der ho var i teneste ei kort tid før ho forlet Moskva i 1949. Ho kom attende til Israel i 1949 for å bli minister for arbeidarpartiet.
Merknadar
endre- ↑ hebraisk skrift גולדה מאיר; arabisk skrift جولدا مائير
Kjelder
endre- ↑ «Golda Meir» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «Golda Meir» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 7. september 2023.
- ↑ «Golda Meir» (på engelsk). Ministry of Foreign Affairs of the State of Israel. Henta 7. september 2023.