Basjkortostan
Utsjånad
Basjkortostan | |||
Башкортостан • Башҡортостан | |||
republikk | |||
|
|||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Europeisk Russland, Den volgiske føderasjonskrets | ||
Hovudstad | Ufa | ||
Areal | 143 600 km² | ||
Folketal | 4 064 361 (2024) | ||
Språk | russisk, basjkirsk | ||
Tidssone | UTC +5 | ||
Basjkortostan 54°28′00″N 56°16′00″E / 54.466666666667°N 56.266666666667°E | |||
Kart over Basjkortostan.
| |||
Wikimedia Commons: Bashkortostan |
Basjkortostan,[a] tidlegare òg Basjkiria, er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Ufa. Arealet er 142 947 km².
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane er Ufa (1 062 000 ibuarar), Sterlitamak (273 500), Salavat (156 100), Neftekamsk (121 700) og Oktjabrskij (109 500).[1]
Den største folkegruppa i Basjkortostan er etniske russarar, men ingen folkeslag utgjer så mykje som 40 % av folket. Basjkirane, eit tyrkisk folkeslag, er den nest største gruppa. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]
- Russarar: 35,2 %
- Basjkirar: 28,8 %
- Tatarar: 24,8 %
- Tsjuvasjar: 2,6 %
- Mariar: 2,5 %
- Ukrainarar: 1,0 %
Sidan oppløysinga av Sovjetunionen har delen av basjkirar i folket auka, frå 21,9 % i 1989, medan delen russarar og tatarar har gått ned. Folketalet totalt sett har halde seg relativt stabilt.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010