Uljanovsk oblast
Uljanovsk oblast | |||
Ульяновская область | |||
oblast | |||
|
|||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Region | Povolzjyje | ||
Del av | Europeisk Russland, Den volgiske føderasjonskrets | ||
Hovudstad | Uljanovsk | ||
Areal | 37 300 km² | ||
Folketal | 1 172 782 (2024) | ||
Språk | russisk | ||
Tidssone | UTC +3 (MSK) | ||
Bilnummer | 73 | ||
Uljanovsk oblast 53°57′00″N 47°55′00″E / 53.95°N 47.916666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Ulyanovsk Oblast |
Uljanovsk oblast[a] er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Uljanovsk, arealet er 37 300 km² og innbyggjartalet er 1 218 319 (2021).
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Uljanovsk oblast ligg sentralt i Volga-regionen, på begge sider av elva Volga, aust i den europeiske delen av Russland. Området er ganske flatt. Volga sitt elveløp deler provinsen i to, og strekkjer seg 200 km innanfor provinsen sine grenser. Klimaet er kontinentalt, middeltemperaturen i januar er –14 til –12 grader celsius, i juli +18 til +20 grader celsius. 28 % av arealet er skogkledd. Det er omfattande oljeutvinning i området.
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Nesten halvparten av folket bur i byen Uljanovsk (614 800 ibuarar), nest største by er Dimitrovgrad (122 600).[1]
Den etniske samansetjinga var i 2010:[1]
- Russarar: 69,7 %
- Tatarar: 11,6 %
- Tsjuvasjar: 7,3 %
- Mordvinar: 3,0 %
Historie
[endre | endre wikiteksten]Området som i dag utgjer Uljanovsk oblast vart russisk territorium etter at tsar Ivan den grusomme nedkjempa og erobra det mongolske Kazan-khanatet i 1552. I 1648 vart byen Simbirsk, som i 1924 endra namn til Uljanovsk grunnlagd. I 1870 vart Vladimir Iljitsj Uljanov, betre kjend som Lenin, fødd her. Under den russiske revolusjonen overtok bolsjevikane makta i Simbirsk 10. desember 1917. I 1918 fall byen i dei kontrarevolusjonære kvitegardistane sine hender, men vart gjenerobra av bolsjevikane i september. Under den andre verdskrigen vart fleire offentlege funksjonar evakuerte til Uljanovsk frå Moskva og Leningrad.
Ved valet til den regionale forsamlinga i 2003 kom fire grupperingar over sperregrensa på 5 %:
- Sameint Russland: 27,4 %
- Folket for Frolytsj: 12,8 %
- Den russiske føderasjonens kommunistiske parti: 11,3 %
- Russlands liberal-demokratiske parti: 11,1 %
12,8 % stemde mot alle (blankt).
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010