Hopp til innhald

Demon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Demon (frå gresk δαίμονας, démonas, 'overnaturleg vesen', 'gud', 'ande') er eit lågareståande guddommeleg vesen, ofte skremmande og vondsinna. Det finst demoniske skapningar innanfor mange religionar, men den grunnleggjande typen som demonar i både kristendommen og islam byggjer på kjem frå jødisk tru.

Demon eller den latinske skrivemåten dæmon er blitt brukt som namn for mange moderne varer og oppfinningar. I tillegg går demonliknande skikkelsar igjen i mange fantasyverk.