Even Tolleivsson Nubberud
Utsjånad
Even Tolleivsson Nubberud | |||
Fødd | 17. januar 1778 Sigdal kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 11. mars 1859 (81 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | bonde, politikar | ||
Alle verv |
|
Even Tolleivsson Nubberud (17. januar 1778–11. mars 1859) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Sigdal i Buskerud.
Even Tolleivsson var fødd på garden Rolstad i Sigdal. Ved folketeljinga 1801 budde han på garden, som den eldre broren hans hadde teke over, sjølv var han «Kleinsmed og arbejder for dagløn».[1] Sidan gifta han seg med enkja Live Torsteinsdotter (1762–1840) på garden Nubberud i Sigdal og var gardbrukar på Nubberud fram til han døydde.[2]
Even Nubberud var 1. representant frå Buskeruds amt på Stortinget 1821 og omframstortinget 1822. Han var medlem av fire komitear, der i mellom om skysslova. Både til Stortinget 1815-16 og 1818 vart han vald til 1. varamann.
Han døydde på garden sin i Sigdal i 1859.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Even Tolleivsson Nubberud NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
Notar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=12&filnamn=f1801&gardpostnr=16128&personpostnr=263356&merk=263356#ovre[daud lenkje]
- ↑ Andreas Mørch (1953). Sigdal og Eggedal. Bad. 2. Gard og slekt, s. 568.