Kobar
Kobar | |||
كوبر, Kaubar | |||
kommune | |||
Namneopphav: Kubar, førenamn[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
guvernement | Ramallah og al-Bireh guvernement | ||
Høgd | 640 moh. | ||
Koordinatar | 31°59′20.06″N 35°09′32.74″E / 31.9889056°N 35.1590944°E | ||
Areal | 9,7 km² | ||
Folketal | 3 667 (2007) | ||
Folketettleik | 378 / km² | ||
Kobar 31°59′20″N 35°09′33″E / 31.988905555556°N 35.159094444444°E | |||
Kart som viser Kobar.
| |||
Wikimedia Commons: Kobar |
Kobar (arabisk كوبر) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement nord på Vestbreidda, 13 km nordvest for Ramallah. Kobar grensar til Burham i aust, Jibiya og Umm Safa i nord, Al Itihad i vest og Al-Zaytouneh og Bir Zeit i sør. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) var folketalet i Kobar i 2007 på 3 456.
Burqa ligg 70 meter over havet og har ein årsmiddelnedbør på 669,8 mm. Årsmiddeltemperaturen er 16 grader Celsius, medan den årsmiddelet for luftfukta er 61 %.
Sidan 1996 har Kobar vore styrt som ein landsbykommune.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det er funne potteskar frå jernalderen, persisk og hellenistisk tid, bysantinsk tid, krossfararane/ajjubidane, mamelukkane og tidleg osmansk tid. Dei eldste potteskara vart funnen nord og sør for landsbyen, medan dei bysantinske funna vart gjort på vestsida.[2]
Osmansk tid
[endre | endre wikiteksten]Kobar vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, and i skattelista frå 1596, låg landsbyen i Quds nahiya i Quds liwa. Folkesetnaden var 31 hushaldningar, alle muslimar. Dei betalte skatt for kveite, bygg, vindruer, frukttre, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.[3]
I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen. Han estimerte at han hadde 600 innbyggjarar, og noterte ein moské tileigna ein sjeik Ahmed.[4]
I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Kobar som ein «liten landsby på ein åstopp, med graver hogde ut i berget, og ein tank, omgjeve av oliven.»[5]
Det britiske mandatet
[endre | endre wikiteksten]I folketeljinga i 1922 hadde Kubar eit folketal på 447, tre kristne og resten muslimar.[6] Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 til 546, alle muslimar, i 122 hus.[7]
I 1945 var folketalet 610, alle arabarar, medan det samla landarealet var 9 678 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 3 512 for plantasjar og irrigert land, 1 434 for korn,[9] medan 33 mål var klassifisert som utbygde område.[10]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Palmer, 1881, s. 237
- ↑ Finkelstein et al, 1997, s. 397-398
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 116
- ↑ Guérin, 1869, s. 36
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 290
- ↑ Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16
- ↑ Mills, 1932, s. 49.
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 65
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 112
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 162
- Denne artikkelen bygger på «Kobar» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, Herbert H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Finkelstein, Israel; Lederman, Zvi, red. (1997). Highlands of many cultures. Tel Aviv: Institute of Archeology of Tel Aviv University Publications Section. ISBN 965-440-007-3.
- Guérin, Victor (1869). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 1: Judee, pt. 3. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.