Spett
Spett - òg kalla jarnstaur - er ei jarnstong som vert brukt som reiskap for å laga hòl i jord og grus eller som vektstong når ein skal lirka ut stein som sit vanskeleg til. Stonga er rund eller åttekanta og tynnast i enden ein held i. Ho vert firkanta og tjukkare mot nedre enden som endar i ein flat spiss.
Dreiemomenta er like store, men motsett retta, på kvar side av spettet. Langs heile spettet er det bøyekrefter som vert svakare med avstanden frå vippepunktet. Derfor er tjukna størst i den nedre delen og kan minke mot handtaket.
Spett finst i fleire storleikar. Vanlegast er eit lite, ein meter langt som er lett å få med seg også i ulendt terreng, og eit større og tyngre for tyngre løft.
Arbeidsmåten for å stikke hòl, til dømes til hesjestaur, er å løfte spettet loddrett og kyle det ned i jorda så hardt ein orkar. Vert hòlet ikkje stort nok, rører ein spettet rundt, lyftar det opp og stikk ein gong eller fleire i same hòlet.
Som vektstong gjer spettet det mogleg å lirka og rikka på steinar som er fleire gonger tyngre enn ein kan lyfta.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Spett» frå Wikipedia på bokmål, den 30. november 2010.