Takin' It to the Streets av The Doobie Brothers
Takin' It to the Streets Studioalbum av The Doobie Brothers | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. mars 1976 | |
Innspelt | 1975 | |
Studio | Warner Bros. Studios i Nord-Hollywood og Sunset Sound i Los Angeles (miksing) | |
Sjanger | Poprock, softrock, R&B | |
Lengd | 38:23 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Ted Templeman | |
The Doobie Brothers-kronologi | ||
---|---|---|
Stampede (1975) |
Takin' It to the Streets | Best of The Doobies (1976)
|
Singlar frå Takin' It to the Streets | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Encyclopedia of Popular Music | [2] |
The Great Rock Diskografi | 7/10[3] |
MusicHound Rock | 4/5[4] |
Rolling Stone | (positiv)[5] |
The Rolling Stone Album Guide | [6] |
The Village Voice | C+[7] |
Takin' It to the Streets er det sjette studioalbumet til den amerikanske rockegruppa The Doobie Brothers, utgjeve 19. mars 1976 på Warner Bros. Records. Det var det første albumet deira med Michael McDonald på solovokal.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Seint i 1974 byrja turnélivet å slite på bandet, særskild leiaren Tom Johnston. Ting byrja å bli verre under turneen for Stampede då han pådrog seg magesår. Tilstanden hans vart verre og dei måtte avlyste fleire konsertar. Då Johnston vart tvungen til å ta det rolegare, vurdert dei andre medlemane å legge inn årene, men då dei var i Baton Rouge, føreslo Jeff Baxter at dei kunne ringe venen og den tidlegare Steely Dan-kollegaen Michael McDonald, som på den tida var utan jobb og budde i ein garasjeleilegheit. McDonald var først motvillig, og kjende at han ikkje var ønskt, i følgje han sjølv. «dei såg etter nokon som kunne spele Hammond B-3-orgel og andre klaverinstrument, og eg var berre ein som skreiv songar og spelte piano. Men meir enn noko anna såg dei etter ein songar som kunne fylle skoa til Tommy.» Han gjekk med på å bli med ei på Le Pavillon Hotel i New Orleans, der dei flytta inn i eit lager for å øve dei neste to dagane. McDonald rekna med han berre skulle bli med bandet for resten av turneen, og vart overraska då bandet inviterte han med seg i studio for det neste albumet deira.[8]
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]Med Johnston på sidelinja var ikkje bandet sikkert på kva dei skulle gjere vidare eller om eit album utan han kom til å fungere. McDonald sa: «Eg visste plateselskapet fekk panikk med tanke på endringar i bandet. Dei var skeptiske til å få inn ein ny fyr. Eg var særs nøgd med å ha hatt jobben, men eg forventa ikkje meir enn det.» Med oppmuntring frå Ted Templeman byrja bandet å arbeide med songane dei hadde tilgjengeleg. Dei visste dei trengde fleire songar så McDonald tok med seg sine eigne demoar. Templeman fortalte dei i følgje Patrick Simmons: «De har ein verkeleg uslepen diamant her som de kan gjere til noko om de vil halde fram.» Dei valde å spele inn songane hans, sjølv om dei visste det ville ta dei i ei ny retning. Sjølv om Johnston var borte det meste av innspelinga, medverka han med ein song - «Turn It Loose» - i tillegg til korvokal og duettvokal med Simmons på «Wheels of Fortune». Han sa seinare «eg hadde ikkje slutta i bandet. Eg var berre ikkje i fysisk stand til å gjere det. Eg måtte halde meg heime og ta ein pause frå heile miljøet ei stund.»[8]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Vokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Wheels of Fortune» | Patrick Simmons, Jeff Baxter, John Hartman | Pat Simmons, Tom Johnston | 4:54 |
2. | «Takin' It to the Streets» | Michael McDonald | Michael McDonald | 3:56 |
3. | «8th Avenue Shuffle» | Simmons | Simmons | 4:39 |
4. | «Losin' End» | McDonald | McDonald | 3:39 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Vokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
5. | «Rio» | Simmons, Baxter | Simmons med McDonald | 3:49 |
6. | «For Someone Special» | Tiran Porter | Tiran Porter | 5:04 |
7. | «It Keeps You Runnin'» | McDonald | McDonald | 4:20 |
8. | «Turn It Loose» | Tom Johnston | Johnston | 3:53 |
9. | «Carry Me Away» | Simmons, Baxter, McDonald | McDonald | 4:09 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]The Doobie Brothers
- Tom Johnston – elektrisk gitar, solo- og korvokal på «Turn It Loose»; vokal på «Wheels of Fortune»
- Patrick Simmons – elektrisk gitar, solo- og korvokal
- Jeff «Skunk» Baxter – elektrisk gitar, akustisk gitar på «For Someone Special»
- Michael McDonald – piano, elektrisk piano, clavinet, synthesizer, solo- og korvokal
- Tiran Porter – bass, korvokal, solovokal på «For Someone Special»
- John Hartman – trommer, perkusjon
- Keith Knudsen – trommer, perkusjon, korvokal
Andre medverkande
- The Memphis Horns
- Wayne Jackson – trompet
- Andrew Love – tenorsaksofon
- James Mitchell – barytonsaksofon
- Lewis Collins – tenorsaksofon
- Jack Hale – trombone
- Bobby LaKind – conga på «Takin' It to the Streets», «Losin' End» og «Rio»
- Richie Hayward – trommer (med John Hartman) på «Wheels of Fortune»
- Novi Novog – bratsj på «Losin' End»
- Jesse Butler – orgel på «Takin' It to the Streets»
- Maria Muldaur – vokal på «Rio»
- Ted Templeman – ekstra perkusjon
Produksjon
- Produsent – Ted Templeman
- Produksjonskoordinasjon – Beth Naranjo
- Lydteknikar – Donn Landee
- Kunstnarisk leiar – Ed Thrasher
- Fotografi – Dan Fong
- Management – Bruce Cohn
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Album
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1976 | Pop Albums | 8 |
Singlar
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1976 | «Takin' It to the Streets» | Pop Singles | 13 |
1976 | «Wheels of Fortune» | Pop Singles | 87 |
1977 | «It Keeps You Runnin'» | Pop Singles | 37 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Takin' It to the Streets (The Doobie Brothers album)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bruce Eder. «Takin' It to the Streets - The Doobie Brothers». AllMusic. Henta 5. november 2020.
- ↑ Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8.
- ↑ Strong, Martin Charles (2002). «The Doobie Brothers». The Great Rock Diskografi. The National Academies. ISBN 1-84195-312-1.
- ↑ «The Doobie Brothers - Takin' It to the Streets». Henta 5. november 2020.
- ↑ «Album Reivews: The Doobie Brothers – Takin' It to the Streets». Rolling Stone. 2003. Arkivert frå originalen 22. april 2009.
- ↑ Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 253. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ Christgau, Robert (14. juni 1976). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 5. november 2020.
- ↑ 8,0 8,1 «Old Black Water Keep on Rollin': 30 Years of the Doobie Brothers». Long Train Runnin': The Doobie Brothers 1970 - 2000 (CD Booklet). The Doobie Brothers. Warner Bros. Records. 1999. s. 33. 75876.