Hopp til innhald

Ted Templeman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ted Templeman
Fødd24. oktober 1942 (82 år)
FødestadSanta Cruz i California i USA[1]
FødenamnEdward John Templeman
OpphavUSA
SjangerRock
Tilknytte artistarHarpers Bizarre, Van Morrison, The Doobie Brothers, Van Halen
PlateselskapWarner Bros. Records
Verka somMusikkprodusent, vokal, gitar, trommer, orgel

Edward John «Ted» Templeman (fødd 24. oktober 1944)[1] er ein amerikansk plateprodusent.[2]

Templeman byrja karrieren sin som trommeslagar i bandet The Tikis i Santa Cruz i California, i midten av 1960-åra. I 1966 skifta bandet namn til Harpers Bizarre og Templeman byrja å spele gitar og syngje. Harpers Bizarre vart oppløyst i 1970. Same året byrja Templeman å arbeide som talentspeidar i Warner Bros. Records, og oppdaga mellom andre The Doobie Brothers. Han produserte så debutalbumet deira The Doobie Brothers. Etter suksessen med dette albumet, vart Templeman forfremma til fast produsent for Warner Bros. Records. Templeman produserte mellom anna Montrose og Carly Simon dei neste åra. I 1977 oppdaga han Van Halen på ein konsert i The Starwood Lounge i Hollywood og overtydde Warner Bros.-sjefen Mo Ostin om å signere bandet der og då. Templeman produserte så debutalbumet deira og produserte sidan seks album til med Van Halen.

Andre artistar Templeman produserte Van Morrison (Tupelo Honey, Saint Dominic's Preview, It's Too Late to Stop Now), Captain Beefheart (Clear Spot), Little Feat (Sailin' Shoes), Michael McDonald (If That's What It Takes), Aerosmith (Done with Mirrors), Eric Clapton (Behind the Sun), Nicolette Larson, Bette Midler, Allan Holdsworth og Cheap Trick.

Som produsent

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]