Tetovo
Tetovo Тетово Tetovë Kalkandelen | |||
---|---|---|---|
Utsyn over Tetovo | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Statistisk region |
Nord-Makedonia Polog | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 261,89 km² | ||
Flatevidd - By |
261,89 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2021) - folketettleik |
84 770 323,7/km² | ||
Koordinatar | 42°00′N 20°58′E / 42.000°N 20.967°E | ||
Høgd over havet | 468 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 1200 | ||
Telefon-retningsnummer | +389 044 | ||
Bilnummer | TE | ||
Heimeside: tetovo.gov.mk | |||
Plassering | |||
Plasseringa til Tetovo i Nord-Makedonia |
Tetovo (makedonsk Тетово; albansk Tetovë; tyrkisk Kalkandelen) er ein by og ein kommune i regionen Polog i Nord-Makedonia. Den noverande kommunen vart oppretta i 2004 ved at ein slo saman dei tre tidlegare kommunane Tetovo, Sjipkovitsa og Dzjeptsjisjte.
Kommunen har eit areal på 261,89 km2. I 2021 hadde kommunen 84 770 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 63 176 innbyggjarar.[1]
Byen ligg 468 meter over havet. Det ligg to universitet i byen, Statsuniversitetet Tetovo og det internasjonale Sørausteuropeiske universitetet.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Tetovo tyder «Teto sin stad» og myta skal ha det til at byen vart kalla opp etter den legendariske helten Teto, som visstnok rydda byen for slangar.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Byen ligg ved foten av Šar Planina og er delt i to av elva Pena. Tetovo kommune har internasjonal grense til Kosovo i nord og vest og til dei nordmakedonske kommunane Teartse i nordaust, Jegunovtse i aust, Zjelino i søraust, Brvenitsa i sør og Bogovinje i sørvest.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Sjølv om det har vore innbyggjarar i området sidan bronsealderen, men sjølve Tetovo vart offisielt grunnlagd på 1300-talet som ein liten ortodoks busetnad rundt kyrkja Sveta Bogorodica. På slutten av 1300-talet kom byen inn under Det osmanske riket og det vart bygd moskéar, bad og marknader alt på byrjinga av 1400-talet. Tetovo vart eit viktig handelssenter for dei lokale bøndene og handverkarane og ein viktig militærfestning. Tyrkarane kalla byen Kalkandelen.
I 1912 under den første balkankrigen kom Tetovo inn under Serbia. Under den andre verdskrigen vart byen styrt av Italia og regimet deira i Albania.
Busetnader i kommunen
[endre | endre wikiteksten]Dei største busetnadene i kommunen var:
Busetnad | Folketal 2002[2] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Tetovo | 52 915 | 63 176 |
Golema Retsjitsa | 3 977 | 3 604 |
Dzjeptsjisjte | 4 051 | 3 338 |
Poroj | 2 899 | 2 653 |
Mala Retsjitsa | 8 353 | 2 468 |
Seltse | 2 538 | 2 239 |
Sjipkovitsa | 2 826 | 1 540 |
Sarakjino | 1 087 | 1 153 |
Vejtse | 1 127 | 848 |
Brodets | 1 136 | 734 |
Gajre | 1 020 | 633 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tetovo» frå Wikipedia på engelsk, den 2. februar 2008.