Waterloo av ABBA
«Waterloo» (Svensk versjon) Singel av ABBA frå albumet Waterloo | ||
B-side |
«Honey, Honey» | |
---|---|---|
Land | Sverige | |
Språk | Svensk | |
Utgjeve | 4. mars 1974 | |
Innspelt | 17. desember 1973 i Metronome Studios i Stockholm | |
Sjanger | Glam rock | |
Lengd | 2:42 | |
Selskap | Polar Music | |
Komponist | Benny Andersson, Björn Ulvaeus, Stikkan Anderson | |
Tekstforfattar | Benny Andersson, Stikkan Anderson, Björn Ulvaeus | |
Låtskrivar(ar) | Benny Andersson, Björn Ulvaeus og Stig Anderson | |
Produsent | Benny Andersson og Björn Ulvaeus | |
ABBA-kronologi | ||
«Another Town, Another Train» (1973) |
«Waterloo» (Svensk versjon) | «Waterloo (Engelsk versjon)» (1974)
|
«Waterloo» (Engelsk versjon) Singel av ABBA frå albumet Waterloo | ||
B-side | ||
---|---|---|
Land | Sverige | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 12. mars 1974 | |
Innspelt | 17. desember 1973 i Metronome Studios i Stockholm | |
Sjanger | Pop rock | |
Lengd | 2:42 | |
Selskap | Polar Music | |
Komponist | Benny Andersson, Björn Ulvaeus, Stikkan Anderson | |
Tekstforfattar | Benny Andersson, Stikkan Anderson, Björn Ulvaeus | |
Låtskrivar(ar) | Benny Andersson, Björn Ulvaeus og Stig Anderson | |
Produsent | Benny Andersson og Björn Ulvaeus | |
ABBA-kronologi | ||
«Waterloo (Svensk versjon)» (1974) |
«Waterloo» (Engelsk versjon) | «Honey, Honey» (1974)
|
«Waterloo» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 1974 | |||||
Land | Sverige | ||||
Artist(ar) | Benny Andersson, Björn Ulvaeus, Agnetha Fältskog og Anni-Frid Lyngstad | ||||
Alias | ABBA | ||||
Språk | Engelsk | ||||
Komponist(ar) | Benny Andersson og Björn Ulvaeus | ||||
Låtskrivar(ar) | Stikkan Anderson | ||||
Resultat | |||||
Finalepoeng | 24 | ||||
Finaleplass | 1 | ||||
Sverige i Eurovision Song Contest | |||||
|
«Waterloo» var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 1974, framført på engelsk av ABBA. Songen vann tevlinga og er med på ABBA-albumet Waterloo.
Melodifestival 1974
[endre | endre wikiteksten]ABBA deltok i Melodifestival 1974, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 1974, med den engelske versjonen av songen «Waterloo». Gruppa vann tevlinga med 302 poeng og fekk representere Sverige i Eurovision Song Contest 1974.
Eurovision Song Contest 1974
[endre | endre wikiteksten]Songen starta som nummer åtte i finalen etter Jugoslavia med «Moja generacija» av Korni Grupa og før Luxembourg med «Bye Bye I Love You» av Ireen Sheer.
Bidraget fekk fem poeng frå Finland og Sveits, tre poeng frå Nederland, to poeng frå Noreg, Israel og Vest-Tyskland og eitt poeng frå Spania, Jugoslavia, Luxembourg, Irland og Portugal. Sverige fekk til saman 24 poeng og vann av totalt 17 bidrag.
Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]I 2005 vart det arrangert eit jubileumsshow for Eurovision Song Contest der ein skulle røyste fram det mest populære bidraget gjennom tidene. 14 bidrag vart valde ut til å deltake, og «Waterloo» av ABBA var eit av dei. Det var to røysterundar som båe vart vunne av «Waterloo» med høvesvis 331 poeng og 329 poeng.
Eurovision Song Contest 2012
[endre | endre wikiteksten]«Waterloo» vart nytta som pausenummer i den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2012. Songen vart framført av fem tidlegare vinnarar, Marija Šerifović, Dima Bilan, Alexander Rybak, Lena og Ell & Nikki.
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Liste (1974) | Plass |
---|---|
ARIA Charts | 4 |
Ö3 Austria Top 40 | 2 |
Belgian Singles Chart | 1 |
UK Singles Chart | 1 |
Canadian Singles Chart | 7 |
Dutch Top 40 | 2 |
Finnish Singles Chart | 1 |
French Singles Chart | 3 |
Media Control Charts | 1 |
Netherlands | 1 |
Irish Singles Chart | 1 |
Italian Singles Chart | 14 |
New Zealand Singles Chart | 3 |
VG-lista | 1 |
Rhodesian Singles Chart | 2 |
South African Singles Chart | 1 |
Spanish Singles Chart | 3 |
Sverigetopplistan | 2 (Svensk) 3 (Engelsk) |
Swiss Singles Chart | 1 |
Billboard Hot 100 | 6 |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- I 1974 spelte Seija Simola og Ami Aspelund inn kvar sin finskspråklege coverversjon av «Waterloo». Songane låg inne på topp ti på den finske hitlista i same periode som den opphavlege songen lag på fyrsteplass.
- Den svenske countrygruppa Nashville Train, der òg nokon av medlemmane i støttegruppa til ABBA spelte, hadde songen med på albumet deira på 1970-talet.
- Popgruppa The Wynners frå Hongkong spelte inn ein coverversjon av songen. Songen var sist teken med på albumet deira frå 2007, Stars on 33.
- I 1986 vart ein coverversjon av songen spelt inn og utgjeven av Doctor and the Medics, med Roy Wood på saksofon og som støttevokalist nådde songen 45. plass på den britiske hitlista.
- Eit heavymetal cover av songen er spelt inn på samleplata ABBAMetal, òg utgjeve som A Tribute to ABBA.
- Ein versjon av songen, spelt inn av Cloth, er med på albumet Abbasalutely frå 1995.
- Den spanske rockegruppa Los Enemigos spelte inn ein engelsk coverversjon av songen til albumet deira frå 1995, Por la Sombra Hermana Amnesia.
- I 1998 vart den britiske jentegruppa Bananarama sameint på nytt og dei spelte inn «Waterloo» til A Song For Eurotrash, ein parodi på Eurovision Song Contest. Songen er med på albumet ABBA - A Tribute: The 25th Anniversary Celebration frå 1999.
- Den svenske heavymetalgruppa Black Ingvars covret songen på deira album frå 1998, Schlager Metal.
- Songen vart covra på albumet til Arrival frå 1999, First Flight.
- Danseversjonar av songen har vorte utgjeven av Abbacadabra, Tiny T på albumet Lay All Your Love On ABBA, den tyske eurodansgruppa E-Rotic på albuma deira frå 1997 og 1998, høvesvis Thank You For The Music og Dancemania Covers 2, Baby Dolls i 1991 og Golden Queens.
- Songaren og låtskrivaren Pamela McNeill gav ut songen på albumet, Tribute To Abba, som vart produsert av ektemannen Dugan McNeill.
- Ein instrumental elektronikaversjon av Motor Industries var med på albumet deira frå 2001, Electronic Tribute To ABBA.
- På det britiske albumet ABBAMania 2 frå 2004 vart songen framført av Michelle Hardwick, Vickie Gates og Will Mellor.
- Ein annan elektronikaversjon vart gjeven ut av ein songar kalla Roymond. Songen vart tilgjengeleg for nedlasting på Internett.
- Den tyske popgruppa Banaroo covra songen for albumet ABBA Mania.
- Songen vart covra av Edie på albumet Abbalicious, framført av ulike amerikanske dragqueens.
- The Dan Band spelte inn ein coverversjon av «Waterloo» som ein del av en ABBA-medley for albumet The Dan Band Live frå 2005.
- Ein coverversjon av songen var med på albumet Rajaton Sings ABBA With Lahti Symphony Orchest' frå 2006.
- Songen vart covra av T.I.V.C. for deira album frå 2006, Let's Dance You Jump Over the Day.
- Den tyske oppvarmingsgruppa til AC/DC, Riff Raff, spelte inn ein coverversjon i AC/DC-stil til albumet deira frå 2006, Rock 'N' Roll Mutation Vol. 1: Riff Raff Performs ABBA.
- Den amerikanske indiegruppa Popdudes og Kenny Howes spelte inn ein coverversjon av songen på albumet Maximum Rock Stupidity. Songen er òg med på albumet International Pop Overthrow - Volume 9 frå 2006.
- Oppvarmingsgruppa Gabba spelte inn ein coverversjon av songen i stil med The Ramones.
- Songen vart covra i ein jazz-lounge-stil av den amerikanske gruppa BNB på albumet deira frå 2008, Bossa Mia: Songs of ABBA.
- Ein australsk rockegruppe covra songen på albumet deira frå 2008, Abbattack.
- Den nederlandske gruppa Mrs. Einstein gav ut ein coverversjon av songen.
- Oppvarmingsgruppa No Matter What gav ut ein coverversjon av songen.
- Ein elektrikaversjon av songen har vorte spelt inn av Phil Glanville og er tilgjengeleg for nedlasting på Internett.
- Den tyske gruppa Marty & His Rockin' Comets spelte inn ein coverversjon av songen.
- Den danske duoen Olsen Brothers, som vann Eurovision Song Contest 2000, spelte inn ein coverversjon av songen på albumet deira frå 2010, Wings of Eurovision.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Waterloo (ABBA song)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juni 2012.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
- Songar frå 1974
- Svenske songar
- Melodifestival 1974-songar
- Eurovision Song Contest 1974-songar
- Svenske Eurovision Song Contest-songar
- Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar
- Eurovision Song Contest-vinnarsongar
- Nummer-ein-singlar i Sveits
- Nummer-ein-singlar i Tyskland
- Songar på toppen av Sverigetopplistan
- Songar på toppen av VG-lista
- Nummer-ein-singlar i Irland
- Nummer-ein-singlar i Storbritannia
- Songar skrivne av Benny Andersson
- Songar skrivne av Björn Ulvaeus
- Eurovision Song Contest 2012
- ABBA-songar