Hallelujah av Gali Atari og Milk and Honey
«Hallelujah» Song av Gali Atari og Milk and Honey | ||
Land | Israel | |
Språk | Hebraisk | |
Utgjeve | 1979 | |
Sjanger | Pop, slagar | |
Selskap | Polydor[1] | |
Komponist | Kobi Oshrat | |
Tekstforfattar | Shimrit Orr | |
Låtskrivar(ar) | Kobi Oshrat og Shimrit Orr |
---|
«Hallelujah» (hebraisk הללויה, tyder ‘halleluja’) er ein israelsk popsong som vann Eurovision Song Contest 1979 for Israel. Songen blei framført på hebraisk av Gali Atari og songtrioen Milk and Honey. Melodien var skriven av Kobi Oshrat, mens Shimrit Orr skreiv teksta. Dette var den andre sigeren til Israel, og den andre sigeren på rad for Israel. Songen blei ein stor hit over heile Europa, og i Noreg låg han elleve veker på toppen av VG-lista – meir enn nokon annan Eurovision-låt.[2][3]
Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]Komponisten av «Hallelujah», Kobi Oshrat, hadde fått bandet Hakol Over Habibi til å syngje låten og sende han inn til den israelske tevlinga i 1978. Men arrangøren, den israelske kringkastaren IBA, avslo låten. Oshrat sende låten inn igjen til den israelske nasjonale finalen i 1979, og IBA plukka han ut til å delta i finalen 27. januar 1979. Denne gongen måtte Hakol Over Habibi takka nei, blant anna fordi vokalisten i bandet hadde blitt skada under ei framsyning like før.[4] I staden blei gruppa Milk and Honey og songaren Gali Atari valde til å framføre han. Milk and Honey blei skapt spesielt for tevlinga, og dei vann den israelske finalen i tevling med elleve andre låtar. «Hallelujah» blei dimed det israelske bidraget til Eurovision Song Contest på heimebane i Jerusalem 31. mars 1979.[5]
I Eurovision Song Contest var «Hallelujah» det tiande bidraget ut på scena av 19 bidrag, etter tyske Dschinghis Khan med «Dschinghis Khan» og før franske Anne-Marie David med «Je suis l'enfant soleil». I avrøystinga blei det ein tett kamp mellom blant anna Spania, Frankrike og Israel. Før Spania som siste land skulle røyste, leia Spania med eit poeng, men den spanske juryen gav 10 poeng til «Hallelujah» som dimed hanka inn den andre sigeren til Israel på rad. Songen fekk 12 poeng frå seks land, blant anna Noreg.[6][7]
Dette var fjerde gongen at vertslandet vann Eurovision Song Contest, etter at Sveits i 1956, Spania i 1969 og Luxembourg i 1973 hadde klart dette tidlegare. Sidan har dette bare skjedd to gongar: Då Irland vann på heimebane i 1993 og 1994. Israel måtte avstå frå å arrangere Eurovison Song Contest 1980, etter at kringkastaren IBA ikkje klarte å få på plass finansieringa for å arrangere nok ein finale. I staden tok Nederland på seg arrangøroppgåva og la finalen til ein jødisk heilagdag, noko som førte til at Israel stod over tevlinga i 1980.[8]
Om songen
[endre | endre wikiteksten]«Hallelujah» er ein ballade som langsamt byggjer seg opp, og teksta handlar om all herlegdommen og alle dei gode tinga i verda. Eit av versa lyder: «Halleluja for alt som er, pris gårsdagen og morgondagen. Halleluja, hald hender og syng frå eit hjarte: halleluja.»[9]
«Hallelujah» blir rekna som ein klassikar i Eurovision Song Contest, noko som i stor grad skuldast eit minneverdig refreng og den originale framsyninga, der artistane entrar scena ein etter ein utover i songen.[10] «Hallelujah» blei også framført som allsong på slutten av Eurovision Song Contest 1999, som ei hylling til offera i krigane på Balkan.[11]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Liste | Høgaste plassering |
Veker på lista |
Tredde inn på lista |
---|---|---|---|
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[12] | 15 | 12 | 15. mai 1979 |
Belgia, Flandern (Ultratop)[13] | 4 | 9 | 14. april 1979 |
Frankrike (IFOP)[14] | 7 | 18 | 6. april 1979 |
Irland (Irish Singles Chart)[15] | 1 | 6 | 19. april 1979 |
Nederland (Single Top 100)[16] | 6 | 10 | 21. april 1979 |
Noreg (VG-lista)[2] | 1 | 18 | Uke 17 1979 |
Spania (SER/PROMUSICAE)[17] | 22 | 7 | 5. mai 1979 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[18] | 5 | 8 | 14. april 1979 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[19] | 2 | 9 | 15. april 1979 |
Sverige (Sverigetopplistan)[20] | 1 | 9 | 4. mai 1979 |
Vest-Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[21] | 11 | 11 | 7. mai 1979 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Milk & Honey* – Hallelujah». discogs.com. Henta 19. februar 2017.
- ↑ 2,0 2,1 «VG-lista for 'Hallelujah'». VG Nett. Henta 17. desember 2016.
- ↑ Thomas Talseth (14. mai 2016). «Tidenes største Eurovision Song Contest-hits i Norge». VG Nett. Henta 17. desember 2016.
- ↑ Itamar Barak (23. august 2006). «The real story behind Hallelujah revealed». esctoday.com. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «Israeli National Final 1979». National Finals Page. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1979 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 19. februar 2017.
- ↑ O'Connor, John Kennedy (2007): The Eurovision Song Contest: The Official History. Storbritannia: Carlton Books ISBN 978-1-8444-2-994-3
- ↑ «Eurovision Song Contest 1980». eurovision.tv. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «Hallelujah – lyrics». The Diggiloo Thrush. Henta 19. februar 2017.
- ↑ Tommy Hansen (19. oktober 2016). «Hvor ble de av? 1979 – Gali Atari & Milk & Honey». escnorge.net. Arkivert frå originalen 20. februar 2017. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1999». eurovision.tv. Henta 19. februar 2017.
- ↑ Hung, Steffen. «Milk and Honey – Hallelujah». austriancharts.at. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «Hallelujah – Ultratop». ultratop.be. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «Velg bokstaven M og søk 'Milk and Honey' i nedtrekksmenyen». InfoDisc.fr. Henta 19. februar 2017.
- ↑ http://www.fireballmedia.ie, Jaclyn Ward - Fireball Media Group -. «The Irish Charts – All there is to know (søk Milk and Honey i søkefeltet)». www.irishcharts.ie. Henta 19. februar 2017.
- ↑ Hung, Steffen. «Milk and Honey – Hallelujah». dutchsingles.nl. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «Milk and Honey – Superventas». Listas De Superventas. 12. februar 2010. Arkivert frå originalen 19. februar 2017. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «Milk and Honey – chart history». Official Charts Company. Henta 19. februar 2017.
- ↑ Hung, Steffen. «Milk and Honey - Hallelujah - hitparade.ch». www.hitparade.ch. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «Milk and Honey – Hallelujah (song)». hitparad.se. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «Offisiell tysk singelliste (skriv 'Milk and Honey' i søkefeltet)». Deutsche Offizielle Charts. Henta 19. februar 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Hallelujah (1979)» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2023.