Spania i Eurovision Song Contest
| |||||
---|---|---|---|---|---|
Offisielt | Spania | ||||
|
|||||
Uttakingar | |||||
Deltaking | |||||
Debutår | 1961 | ||||
Deltakingar | 60 | ||||
Beste resultat | |||||
Finalen | 1 (1968 og 1969) | ||||
Verste resultat | |||||
Finalen | Sist (1962, 1965, 1983, 1999 og 2017) | ||||
Poeng | |||||
Totalt | 2 798 |
Spania debuterte i Eurovision Song Contest i 1961 og deltok i 2021 for 60. gong. Spania er ein av «dei fem store» – ei gruppe på fem land som er automatisk kvalifiserte til finalen på grunn av sine store økonomiske bidrag til tevlinga. Sidan debuten i 1961 har Spania delteke kvart einaste år. Berre Storbritannia har delteke lenger samanhengande, sidan 1959.[1]
Spania har vunne Eurovision Song Contest to gongar, i 1968 og 1969. Av alle deltakarlanda som har vunne Eurovision Song Contest, er Spania per 2021 det landet som har hatt den lengste sigerstørka i historia til tevlinga, med 52 år utan ein siger. Frå 2015 har Spania vore blant dei fem lågaste plasserte landa på resultatlista, inkludert ein sisteplass i 2017.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Det er den spanske ålmennkringkastaren Radiotelevisión Española (RTVE) som har ansvaret for å velje det spanske bidraget til Eurovision Song Contest. Spania debuterte i Cannes i 1961, med Conchita Bautista. Etter fem år med dårlege resultat, inkludert to sisteplassar, innleia Spania ein gullalder i 1966. Dei neste ti åra enda Spania på topp ti kvart einaste år, inkludert to sigrar og to andreplassar.
Sigrane kom to år på rad, fyrst i 1968 då Massiel og «La, la, la» slo det britiske bidraget «Congratulations» med eitt einaste poeng. På heimebane året etter vann Spania igjen med Salomé og «Vivo cantando». Men sigeren måtte dei dele med tre andre land, Storbritannia, Nederland og Frankrike, sidan det ikkje var nokon regel som hindra at fleire land kunne dele sigeren.[2]
Opp og ned
[endre | endre wikiteksten]Etter 1976 har resultata til Spania svinga kraftig. Landet var svært nær ved å vinne i 1979, men den spanske juryen «gav frå seg» sigeren då dei gav ti poeng til sin argaste konkurrent, Israel. I 1995 kom Spania nok ein gong på andreplass, berre slått av Noreg og Secret Garden.
Sidan 1995 har resultata til Spania vore relativt skuffande. To sjetteplassar er dei beste plasseringane til Spania, og sidan 2005 har Spania berre klart to tiandeplassar som beste plassering. Sidan debuten har Spania komme sist fem gongar, seinast i 2017. Særleg skuffande har resultata vore frå 2015, der Spania har vore blant dei seks dårlegaste i finalen kvart år. I 2017 fekk ikkje Spania eit einaste poeng i juryavrøystinga, og i 2021 fekk ikkje Spania eit einaste poeng i telefonavrøystinga.[3]
Dei fem store
[endre | endre wikiteksten]I 2000 innførte Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) ei ordning som sikra at dei fire største økonomiske bidragsytarane fekk automatisk innpass i Eurovision-finalen. Gruppa vart kalla «dei fire store», og Spania utgjer gruppa saman med Tyskland, Storbritannia og Frankrike. I 2011 kom Italia tilbake i tevlinga, og «dei fire store» vart utvida til «dei fem store». Spania har dimed aldri delteke i ein semifinale i Eurovision Song Contest.[4]
Populære finalar
[endre | endre wikiteksten]RTVE har ofte halde ein nasjonal finale, tilsvarande norske Melodi Grand Prix, for å velje det spanske bidraget til Eurovision Song Contest. I perioden 1977-1997 valde kringkastaren song og artist internt, men i 2000 var dei nasjonale tevlingane tilbake igjen. I 2002 brukte RTVE den populære talenttevlinga Operación Triunfo til å velje det spanske bidraget, noko som førte til eit kraftig oppsving i populariteten til tevlinga. Den internasjonale finalen same år vart sett av over 14 millionar spanjolar, det høgaste sjåartalet etter at Spania fekk moderne sjåarmålingar tidleg på 1990-talet. Fyrst under finalen i Fotball-EM i 2008 vart rekorden slått.[5]
Bidrag som vart forstyrra
[endre | endre wikiteksten]Tre gongar opp gjennom Eurovision-historia har eit ikkje-vinnande bidrag fått framføre på nytt, og to av desse bidraga var spanske. Det fyrste var i 1990, då duoen Azúcar Moreno skulle opne showet i Zagreb. Songen «Bandido» vart framført som ein kombinasjon av ferdiginnspelt musikk og akkompagnert av eit orkester på direkten. Då bandet vart sett på, kom ikkje orkesteret i gong då det skulle, og Azúcar Moreno gjekk frustrerte av scena. På andre forsøk gjekk alt som det skulle, og det spanske bidraget enda på ein femteplass.[6]
20 år seinare, i Bærum i 2010, vart det spanske bidraget nok ein gong forstyrra, då den berykta scenestormaren Jimmy Jump klarte å ta seg opp på scena under framføringa av «Algo pequeñito». Spania fekk framføre på nytt etter at resten av landa hadde sunge.[7]
I 1964 var Spania også involvert i ei scenestorming, då ein mann klarte å ta seg opp på scena med ein plakat som protesterte mot den portugisiske diktatoren Salazar og den spanske diktatoren Franco. Men hendinga påverka ikkje framføringa av det spanske bidraget, sidan den skjedde i pausen mellom det sveitsiske og belgiske bidraget.[8]
Deltakarar
[endre | endre wikiteksten]År | Artist | Song | Språk | Finalen | Semifinalen | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Plass | Poeng | Plass | Poeng | ||||
1961 | Conchita Bautista | «Estando contigo» | Spansk | 9 | 8 | Ingen semifinalar | |
1962 | Victor Balaguer | «Llámame» | Spansk | 13 | 0 | ||
1963 | José Guardiola | «Algo prodigioso» | Spansk | 12 | 2 | ||
1964 | Tim, Nelly og Tony (Los TNT) | «Caracola» | Spansk | 12 | 1 | ||
1965 | Conchita Bautista | «Qué bueno, qué bueno» | Spansk | 15 | 0 | ||
1966 | Raphael | «Yo soy aquél» | Spansk | 7 | 9 | ||
1967 | Raphael | «Hablemos del amor» | Spansk | 6 | 9 | ||
1968 | Massiel | «La, la, la» | Spansk | 1 | 29 | ||
1969 | Salomé | «Vivo cantando» | Spansk | 1 | 18 | ||
1970 | Julio Iglesias | «Gwendolyne» | Spansk | 4 | 8 | ||
1971 | Karina | «En un mundo nuevo» | Spansk | 2 | 116 | ||
1972 | Jaime Morey | «Amanece» | Spansk | 10 | 83 | ||
1973 | Mocedades | «Eres tú» | Spansk | 2 | 125 | ||
1974 | Peret | «Canta y sé feliz» | Spansk | 9 | 10 | ||
1975 | Sergio og Estíbaliz | «Tú volverás» | Spansk | 10 | 53 | ||
1976 | Braulio | «Sobran las palabras» | Spansk | 16 | 11 | ||
1977 | Micky | «Enséñame a cantar» | Spansk | 9 | 52 | ||
1978 | José Vélez | «Bailemos un vals» | Spansk og fransk | 9 | 65 | ||
1979 | Betty Missiego | «Su canción» | Spansk | 2 | 116 | ||
1980 | Trigo Limpio | «Quédate esta noche» | Spansk | 12 | 38 | ||
1981 | Bacchelli | «Y sólo tú» | Spansk | 14 | 38 | ||
1982 | Lucía | «Él» | Spansk | 10 | 52 | ||
1983 | Remedios Amaya | «¿Quién maneja mi barca?» | Spansk | 19 | 0 | ||
1984 | Bravo | «Lady, Lady» | Spansk | 3 | 106 | ||
1985 | Paloma San Basilio | «La fiesta terminó» | Spansk | 14 | 36 | ||
1986 | Cadillac | «Valentino» | Spansk | 10 | 51 | ||
1987 | Patricia Kraus | «No estás solo» | Spansk | 19 | 10 | ||
1988 | La Década Prodigiosa | «La chica que yo quiero» | Spansk | 11 | 58 | ||
1989 | Nina | «Nacida para amar» | Spansk | 6 | 88 | ||
1990 | Azúcar Moreno[9] | «Bandido» | Spansk | 5 | 96 | ||
1991 | Sergio Dalma | «Bailar pegados» | Spansk | 4 | 119 | ||
1992 | Serafín Zubiri | «Todo esto es la música» | Spansk | 14 | 37 | ||
1993 | Eva Santamaría | «Hombres» | Spansk | 11 | 58 | Kvalifikacija za Millstreet | |
1994 | Alejandro Abad | «Ella no es ella» | Spansk | 18 | 17 | Ingen semifinalar | |
1995 | Anabel Conde | «Vuelve conmigo» | Spansk | 2 | 119 | ||
1996 | Antonio Carbonell | «¡Ay, qué deseo!» | Spansk | 20 | 17 | 14 | 43 |
1997 | Marcos Llunas[10] | «Sin rencor» | Spansk | 6 | 96 | Ingen semifinalar | |
1998 | Mikel Herzog | «¿Qué voy a hacer sin ti?» | Spansk | 16 | 21 | ||
1999 | Lydia | «No quiero escuchar» | Spansk | 23 | 1 | ||
2000 | Serafín Zubiri | «Colgado de un sueño» | Spansk | 18 | 18 | ||
2001 | David Civera | «Dile que la quiero» | Spansk | 6 | 76 | ||
2002 | Rosa | «Europe's Living a Celebration» | Spansk | 7 | 81 | ||
2003 | Beth | «Dime» | Spansk | 8 | 81 | ||
2004 | Ramón | «Para llenarme de ti» | Spansk | 10 | 87 | Direktekvalifisert | |
2005 | Son de Sol | «Brujería» | Spansk | 21 | 28 | ||
2006 | Las Ketchup | «Un Blodymary» | Spansk | 21 | 18 | ||
2007 | D'Nash | «I Love You Mi Vida» | Spansk og engelsk | 20 | 43 | ||
2008 | Rodolfo Chikilicuatre | «Baila el Chiki-chiki» | Spansk og engelsk | 16 | 55 | ||
2009 | Soraya Arnelas | «La noche es para mí» | Spansk og engelsk | 24 | 23 | ||
2010 | Daniel Diges | «Algo pequeñito» | Spansk | 15 | 68 | ||
2011 | Lucía Pérez | «Que me quiten lo bailao» | Spansk | 23 | 50 | ||
2012 | Pastora Soler | «Quédate conmigo» | Spansk | 10 | 97 | ||
2013 | El Sueño de Morfeo | «Contigo hasta el final» | Spansk | 25 | 8 | ||
2014 | Ruth Lorenzo | «Dancing in the Rain» | Spansk og engelsk | 10 | 74 | ||
2015 | Edurne | «Amanecer» | Spansk | 21 | 15 | ||
2016 | Barei | «Say Yay!» | Engelsk | 22 | 77 | ||
2017 | Manel Navarro | «Do It for Your Lover» | Spansk og engelsk | 26 | 5 | ||
2018 | Amaia og Alfred | «Tu canción» | Spansk | 23 | 61 | ||
2019 | Miki | «La venda» | Spansk | 22 | 54 | ||
2020 | Blas Cantó | «Universo» | Spansk | Tevling avlyst | |||
2021 | Blas Cantó | «Voy a quedarme» | Spansk | 24 | 6 | Direktekvalifisert | |
2022 | Chanel Terrero | «SloMo» | Spansk og engelsk |
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Conchita Bautista i Napoli (1965)
-
Julio Iglesias i Amsterdam (1970)
-
Braulio i Den Haag (1976)
-
Ramón i Istanbul (2004)
-
D'NASH i Helsingfors (2007)
-
Rodolfo Chikilicuatre i Beograd (2008)
-
Daniel Diges i Oslo (2010)
-
El Sueño de Morfeo i Malmö (2013)
-
Ruth Lorenzo i København (2014)
-
Edurne i Wien (2015)
-
Barei i Stockholm (2016)
-
Manel Navarro i Kiev (2017)
-
Amaia og Alfred i Lisboa (2018)
Røystehistorikk
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Eurovision Song Contest i Spania
[endre | endre wikiteksten]År | Stad | Arena | Programleiarar |
---|---|---|---|
1969 | Madrid | Teatro Real | Laura Valenzuela |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Spain – Eurovision Song Contest». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 29. november 2016.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1969». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 29. november 2016.
- ↑ «SpaI: RTVE's president reportedly making changes to Eurovision delegation». wiwibloggs (på engelsk). 25. mai 2021. Henta 26. mai 2021.
- ↑ Victor M. Escudero (23. september 2015). «'Big Five' and host country more prominently in the Semi-Finals». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 29. november 2016.
- ↑ «Rosa Lopez». Firstnamelist.org. 9. januar 2013. Arkivert frå originalen 29. november 2016. Henta 29. november 2016.
- ↑ «Eurovision 1990 Spain-Azucar Moreno-Bandido (video av framføringen)». EBU/YouTube. 9. mai 2006. Henta 29. november 2016.
- ↑ Ighanian, Catherine Gonsholt (29. mai 2010). «Mann brøt seg inn på MGP-scenen». VG Nett.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1964». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 29. november 2016.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Spania i Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på bokmål, den 1. desember 2021.