Hopp til innhald

Wilhelm von Hanno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wilhelm von Hanno

Andreas Friedrich Wilhelm von Hanno
Nasjonalitet Tysk-norsk
Statsborgarskap Hamburg, Noreg
Fødd 15. desember 1826
Hamburg i Tyskland
Død

12. desember 1882 (55 år)
Kristiania i Noreg

Yrke Arkitekt, bilethoggar, kunstmålar og grafikar
Språk tysk
Medlem av Hamburger Künstlerverein von 1832
Wilhelm von Hanno på Commons
Grønland kyrkje, oppført 1868
Foto: Helge Høifødt

Andreas Friedrich Wilhelm von Hanno (fødd 15. desember 1826 i Hamburg i Tyskland, død 12. desember 1882 i Kristiania i Noreg) [1] var ein tysk arkitekt, bilethoggar, kunstmålar og grafikar som virka i Noreg og er opphavsmann til ei rekkje med viktige bygningar i Oslo og elles i Noreg, mellom anna nokre bygg på Akershus festning. Han er òg opphavsmannen til «Posthornfrimerka», det eldste frimerkemotivet i verda som er i kontinuerleg bruk, lansert første gong i 1872.[2]

von Hanno teikna obelisken som hausten 1854 blei sett opp på Fuglenes i Hammerfest som det nordlege endepunktet for Den russisk-skandinaviske meridianbogen, i 2005 innskrive i UNESCO si verdsarvliste som Struve sin meridianboge (The Struve Geodetic Arc). Meridianbogen strekte seg frå Hammerfest til Svartehavet, og målingane blei utført i tida 18161855. I daglegtale blir obelisken kalla «meridianstøtta i Hammerfest».

von Hanno fullførte Trefoldighetskyrkja i Oslo i 18531858, påbegynt av arkitekt Alexis de Chateauneuf. von Hanno arbeidde i kompaniskap med landsmannen Heinrich Ernst Schirmer i åra 1853–1864. Saman utforma dei mange sentrale bygg i Oslo. Deira forslag til bygning for Stortinget, i tysk-gotisk stil, vann opphavleg anbodskonkurransen. [3]Samarbeidet braut saman i samband med utforminga av arkitektteikningane til Grønland kyrkje, ein konkurranse von Hanno vann.[3]

  1. Wilhelm von Hanno frå Norsk kunstnerleksikon
  2. Ny epoke for norsk verdensrekord frå Posten arkivert utgåve
  3. 3,0 3,1 Schirmer og von Hanno frå arc! Arkitekturhistorie

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]