Valkyrkje
Utsjånad
Valkyrkje, bokmål valgkirke, viser til dei kyrkjene som blei brukte som vallokale under valet til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.[1] Kyrkjene vart nytta fordi dei var det naturlege sentrumet for det offentlege livet dei fleste stader i landet, og fordi prestegjelda var grunneininga i valordninga.
Ein del av kyrkjene er bevarte. I jubileumsåret 2014 gjekk Riksarkivet og Riksantikvaren saman om merking med blå plakettar og opptrykk av faksimile av adresse og fullmakt til desse kyrkjene.
Mange av kyrkjene har gått tapt sidan 1814. Nokre har brunne, men flesteparten av dei som er borte er rivne og erstatta av nye kyrkjer.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Feiring av kirkene som arena for våre første nasjonale valg frå Arkivverket
- 1814 - våre første nasjonale valg Arkivert 2014-02-20 ved Wayback Machine. frå Arkivverket
- Denne artikkelen bygger på «Valgkirke» frå Wikipedia på bokmål, den 19. mai 2014, revisjon